onsdag, august 31, 2016

Dagbok 2016: 31.august


Klokka er 20.00. Temperaturen er + 15 grader C og det har ikkje regna så veldig mykje i dag, ikkje slik som i går.
Dagen har vore prega av pensjonistmøtet som var no i ettermiddag/kveld. Men vi var nedover og dekka på og ordna til i 11.30 tida. Nils køyrde meg og venta på meg, mens eg jobba. Det var kjekt for dei andre i styret å sjå han att og vice versa. Han har vore betre i dag, det går opp og ned, men han var sliten då vi kom heim att. Han blei ikkje med på møtet, men eg fekk sitte på med Marit.
Det har kome nye møblar i flatsalen, og det var kjekt. Det blei ein liten diskusjon om kva farge stolane var-alle med unntak av meg, meinte dei var svarte; eg insisterte på at dei var brune eller mørk lilla. Vaktmeisteren kom og bekrefta at dei var mørk lilla, med ei lysegrøn pute å sitte på. Borda var kvite, og appetittlege samanlikna med dei vi hadde før.
Vi var heimover og slappa av litt og åt litt før eg reiste ned att i god tid før møtet. Fekk tid å stikke innom biblio før møtet.
Det var stort frammøte, mange fleire enn forventa, nye medlemmer har vi også fått. Mykje av framgangen vil eg skulde på leiaren som har gjort ein formidabel jobb. No skal eg skrive referat i morgon, så eg kan ikkje røpe alt her. Men vi lodda ut lyngplantane som stod på borda til pynt, og eg vann den eine. Ingen, så vidt eg kan bedømme, var sure for at vi hadde lagt på inngangsbilletten frå 50-til 100 kr. Grunnen til det er at Sparebank 1 ikkje lenger sponsar oss. Men for 100 kr får ein altså pizza, kake, kaffi og god underhaldning.
Nils ser fotball no, men vi kom brått på at vi har gløymt å sjå opptaket av "Skal vi danse"-så vi har å gjere på utover kvelden.
I dag er det siste dagen i august, pappa og besta sin fødselsdag. Besta var fødd i 1879, pappa i 1899. Eg synest det er litt rat at far min var fødd på 1800-talet. Det verkar veldig lenge sidan.
I min barndom begynte skulane 1.september, så 31.august var siste feriedagen.
No har eg ein klesvask som eg skal legge i hop før eg tek kveld.

Ingen kommentarer: