Klokka er snart halv seks. Temperaturen er + 3 grader C, det har vore regn og sludd i dag, og eg har halde meg inne. Det er nesten gale å bruke sundagen til husarbeid, men kva anna kan eg gjere?
Først bytta eg på sengane og vaska soverommet, sette på vaskemaskina etc.
Nils kokte ertersuppe til middag, så maten slapp eg å tenke på. Etter middagspausen og kaffi, skar eg opp og steikte kjøttet som vi skal ha andre juledag, så no er det snart i (fryse)boks.
Innimellom har eg sløva litt og lege på sofaen og lese bok. Akkurat no er eg heilt konk i ryggen. Ikkje for å klage, men eg må no gi ein grunn for å vere så "sløv"-og akkurat no er det ryggen som sviktar.
Må innrømme at eg ikkje har kjøpt ei einaste julegåve enno, heller ikkje har eg baka. Kan no kjøpe ferdige kaker om det røyner på
Eg kan kanskje tenne eit av dei batteridrivne stearinlysa sidan det er advent.
Ønsker alle ei fin adventstid.
For oss blir dettte ei "travel" veke , med pensjonistmøte, konsert etc. Det er 70 påmelde til julebordet vårt, så det blir mange å dekke på til. Det gjer vi onsdag før middag-julebordet er klokka 16.00. Fredag er det konsert i Fosnavågen-og i mellomtida må eg skrive referat. Godt så lenge ein kan gjere litt nytte for seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar