lørdag, november 28, 2015

Dagbok 2015: 28.november

Klokka er no ca halv tre. Temperaturen ute er + 3 grader C. Det sluddar og regnar om ein annan. I halv elleve tida var det nesten lyst ute, så då tok eg bildet over.
Etter å ha rota rundt her heime ei stund, ville vi ein tur ut i hamna og sjå- og sjekke korleis det såg ut der raset gjekk for eit par dagar sidan. Vegen er open att , og der er rydda opp. Dessverre regna det akkurat då eg skulle ta bilda, så det vart kvite flekkar etter dropane.


Det var ruskut å leggje utpå i dag, og eg gjekk ikkje tur, slik eg plar gjere.Båten hadde det bra. Den får låne plassen til Matias sin båt, men der er ikkje så ideelt å halde til når ein skal ha fisk og stampar på land. Grunnen til at han ligg der er at han då kjem med på Web-kamera.



Vi skulle handle på Amfi, men først køyrde vi ned på Mørebiltomta, så eg fekk ta bilde av det nye "bankbygget". Bank er der rett nok ikkje lenger, i første etasje er der treningsstudio. Huset var før eit ganske pent bygg i to etasjar, no har dei bygt på to etasjar til. På toppen skal det visst vere leilegheiter, kva huset elles skal fyllast med, står att å sjå. Men det ruvar bra i terrengent.


Eit anna ruvande bygg tek form nær småbåthamna. Vi greier ikkje å finne ut om det er på fire eller fem etasjar.Det er det nye kloakkreinseanlegget. Veit ikkkje om der skal vere leilegheiter.Mykje folk og mange bilar på Amfi i dag, men vi gav oss ikkje til, vi handla det vi skulle og så for vi heim. No driv Nils og kokar lange til middag.



Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...