fredag, november 27, 2015

Dagbok 2015: 27.november

Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 7 grader C og det er bekmørkt. Ja, i dag begynte det å mørkne før det var lyst, faktisk. Og så regnar det ! Og ikkje lite heller. Men vi held oss inne og lid inga naud på nokon måte. Dei siste haustane har det stort sett vore fint vêr så dette er litt uvant.
Vi sov lenge på morgonen i dag også, men klokka var over 2.00 før vi la oss i går kveld. Nils var litt låk i nakken og følte seg ikkje heilt bra i dag, så han fann ut at han måtte snakke med legen sin. Han har litt dårleg samvit for at han ikkje gjekk til legen same dagen som han datt. Han fekk kome inn til fastlegen sin med ein gong. Han sa at viss han hadde kome same dagen så ville han blitt sendt på røntgen, men no såg han ikkje noko behov for det, dei fekk sjå det an litt. Han har framleis kul i hovudet.
Eg hadde fått tak i gode, sure norske eple, så eg laga ei stor eplekake før middag. Det er slikt som er "kjekt å ha". Og sidan eg slapp å skitne ut enda ein bolle laga eg ein brøddeig med det same. Det kom då fram at eg berre hadde grov rug og fin kveite, men med litt solsikkefrø og havregryn i tillegg blei det gode brød. Eg brukar aldri oppskrft når eg lagar brød, tek det eg har "for hånden".
Fekk i oppgåve frå sjefen min å skrive to julesongar på nynorsk. Det finst mange ulike oppsetjingar, men eg brukte tekstane frå den nye salmeboka. Håper det går bra. Det er til pensjonistmøtet på onsdag.
Middagen i dag var enkel, vi hadde ein halv fiskegrateng i frysaren, så eg hadde berre å raspe gulrøter. Vi brukar ikkje poteter til, for eg har mykje makaroni i gratengen.
Etter middag var det pause før kaffien, og no har eg dusja og vaska håret og fått på meg reine klede, så no føler eg for å ta helg.
Eg ville ikkje nedover og handle i dag på "Black friday"-reknar med at det var fullt overalt, og eg veit heller ikkje kva eg skal kjøpe.
No blir det TV heile kvelden-og kanskje høgrevridd humor.
Ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...