fredag, oktober 09, 2015

Dagbok 2015: 9.oktober

"Skal vi ikkje snart legge oss?"

Klokka er 19.15, temperaturen er + 11 grader C. Det har vore ein nydelig dag, overskya, men opphaldsvêr og behagelig temperatur.
Føremiddagen "surra" vi bort, mellom anna med Nobelprisutdeling, strikketøy, prat med naboar m.m.
Nils skulle følge ein kamerat til Volda på bading, og vart henta med drosje før klokka 14.
Då tok eg Charlie i band og gjekk ein lang tur; med "lang" meiner eg at vi brukte lang tid. Vi gjekk eigentleg berre rundt Storebakken. Men så møter ein folk ein vil prate med, og då vi gjekk inn i Fonna for at hunden skulle få springe laus, kom der ein eg kjenner med ei lita tispe, så då vart det skikkelig action.
Då vi kom heim flata vi ut, både Charlie og eg; eg på sofaen han på golvet tett attmed. Ikkje lenge etter kom Nils heim att. Då hengde eg ut ein klesvask før eg begynte på middagen, som i dag var steikt sei.
Etter maten flata vi ut igjen.
Ser kor mykje lettare og meir meiningsfylt det er å gå tur når ein har ein hund som "dreg"- og det har faktisk gått bra. Var litt dålig etter turen i går, men kom meg att i løpet av kvelden. Men eg vil ikkje ha hund, ein blir for bundne  om ein skulle finne på å farte litt.
No er det fredag att, og det vil seie at vi truleg blir sittande framfor TV-en.
For dei som har hatt haustferie er det snart slutt, håper alle kjem seg heile heim etter ferien med nye krefter. NB! DET ER SNART JUL ! Vi skal på konsert i Fosnavågen den 24.okt. , seniordansarane reiser til Spania i morgon og skal vere der i to veker.Men der er vi ikkje med.
Då vil eg berre ønske alle GOD  HELG !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...