torsdag, oktober 08, 2015

Dagbok 2015: 8.oktober


Klokka er snart halv sju, temperaturen ute er +11 grader C.
I dag har det vore overskya og lett regn eller yr.
Nils reiste til Ulsteinvik i 9-tida i dag, og kom att 16.30. Så Charlie og eg har vore åleine det meste av dagen. Og han har forstått at han er MIN hund no. Då Nils kom heim gøydde han voldsomt, og han er aldri langt borte frå føtene mine. For at han skal få kvile, må eg sitte eller ligge i ro.
Før middag gjekk eg tur med han, det var ingen lang tur, men det tok si tid, for vi møtte fleire å prate med. Var ein liten tur opp i skogen, slik at han fekk springe og hente kjeppar som eg kasta. Å gå i lag med meg er ingen mosjon. I går var eg relativt bra i hofta og foten, det er eg ikkje i dag, men spenninga er korleis morgondagen blir.
Etter at vi kom heim frå turen, nytta eg høvet til å farge håret etc. Eg hadde ikkje planlagt å gjere så mykje i dag.Eg har slappa av og lese litt.
Nils fekk middag i Ulsteinvik, i dag var det skikkelig gammaldags middag med sosakjøt og sviskegrøt. Og det var godt. Kurset vart halde på det som før var hotell og no er folkehøgskule. Eg var der på haustkonferansen for nokre år sidan, då fekk vi nydelig lammesteik.
No står Nils ute i garasjen og et krabbeklør frå i går. Eg skal ikkje ha meir av den sorten, vart litt kvalm og uvel i går kveld, så eg trur eg begynner å reagere på krabbe også - ikkje berre hummar.
Charlie ligg ned ved føtene mine og søv. Trur han har funne seg til rette no. Men så snart eg reiser meg opp, gjer han det også.

2 kommentarer:

solveig sa...

Folkehøgskulen er kjende for å lage god mat. Sist eg åt der, fekk vi nydeleg oksesteik med alt tilbehør.

Eg forstår at Charlie har taket på deg ...

Besta sa...

Charlie er berre søt,men eg kunne ikkje tenkt meg å ha hund heile tida, for ein blir litt bunden. Men dyra plar alltid halde seg til Nils fordi det er han som går tur etc. Men sidan han var vekke i dag, blei eg den som blei valt til å vere sjef. Det snur sikkert i morgon.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...