onsdag, oktober 14, 2015

Dagbok 2015: 14.oktober.

Klokka er 17.00, og sola skin inn glaset så det er kokheitt inne. Ikkje så kaldt ute heller, +11-12 grader C. 
Eg gjekk nettopp ein bitte liten tur for å få litt frisk luft, men då kom det skyer. Ikkje før var eg komen inn att, så skein det opp igjen. 
Denne dagen har vi gått litt på vent. Nils ringde fleire gonger til sjukepleiaren i Volda som plar sette halvårssprøytene hans, utan å få svar. Då har ringde resepsjonen fekk han vite at ho er fri denne veka.Så no må han vente til mandag - eller få andre til å sette den. Men det er ho som KAN det. 
Så venta vi på han som skulle ringe om ventilatoren, men den kom sjølvsagt ikkje i dag. Dette kjenner vi til frå før, "dei lovar og lyg". 
Nils brukte føremiddagen til å frakte vedsekker frå tilbygget og opp i garasjen, mens eg støvsuga alle teppegolva. Ryggen streika i dag, ikkje så mykje på grunn av støvsuginga, men på grunn av fotballen. Mens Nils såg landskamp i går sat eg nemlig å strikka heile tida, og det vart i meste laget. Elles har det vore klesvask og bretting m.m.
Det var tidleg middag i dag, og endelig fekk vi ete den salta langa som vi eigentleg skulle hatt på søndag - då vi åt krabbe i staden.
No skal Nils ta seg ei lita trimrunde, han klarer meir, han, enn eg.
På bildet øvst på sida ser de vårt hus og naboens georginer.

Stein og plantar er så fint i lag, men det er vanskeleg å få det til å sjå naturleg ut. Denne dama har klart det. Bildet under tok eg med på grunn av fargane.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...