torsdag, oktober 15, 2015

Dagbok 2015: 15.oktober

Klokka er 21.30, temperaturen er +9 grader C, og i dag har det vore overskya opphaldsvêr.
Dagen har vore litt annleis enn dei fleste andre dagar. Vi hadde besøk av Einar eit par timar på føremiddagen, så i dag vart det vaflar til lunsj.
Etter at Einar hadde reist, gjorde vi oss klar for by-runde. Vi skulle hente den nye ventilatoren på El-kjøp, og så måtte eg ha nytt batteri i klokka mi, blant anna.
Mens Nils var inne på lageret og henta ventilatoren, tok eg to bilde med mobilen. Eitt for å vise at det enno ligg ein del snø i Saudehornet frå i fjor vinter. Dette er uvanleg. Så såg eg ned på flyplassen og tenkte over det paradoksale i at det ikkje er særleg populært at flyplassen har hatt nedgang i passasjertal siste året, mens vi gjerne vil ha ein grøn politikk.

Då vi kom heim sette vi i gang og skulle montere ventilatoren, men det var ikkje så enkelt som vi trudde. Vi hadde sjølvsagt tatt mål, men så var der nokre skinner som skulle festast på sidene, og då vart holet for trangt. Etter litt klabb og babb, pakke vi i hop heile greia og køyrde bort att på butikken.Der blei det registrert at vi hadde eit "ventilatorproblem" og ein "ekspert" blei tilkalla. Han forklarte at vi trong ikkje bruke skinnene, men skrue rett opp i skapveggane. Etter litt strev var ventilatoren på plass og vi kunne steike fiskekaker og ete middag. Då var klokka 19.00.
Etter middag har vi drukke kaffi, sett TV og slappa av. Og så var den dagen i boks.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...