tirsdag, oktober 13, 2015

Dagbok 2015: 13.oktober


Klokka er 19.30 og temperaturen + 10 grader C. I dag har det vore overskya, heilt utan streif av sol. Men det har heller ikkje regna.
Eg starta dagen med å byte på sengane, og vaske alle vaskbare golv. (Vi har heldigvis mange teppegolv). Klesvask vart det sjølvsagt også.Og kleda vart hengt på snor ute.
Etter å ha kvilt ryggen litt og ete lunsj, vart det ein tur til Vik.
Nils hadde alt vore ein tur. Han skulle kjøpe den ventilatoren som vi såg på laurdag, men den var berre til utstilling, og fleire hadde dei ikkje. Så vi må vente til i morgon (minst) før vi kan få ein. Nils har i alle fall demontert den gamle.
Eg hadde ærend på biblio i dag, tre nye bøker hadde dei lagt av til meg, Nils hadde ærend i banken, og eg skulle ha noko styr på Europris. Litt mat stod også på lista, så vi måtte innom Amfi.
Då vi kom heim rippa eg ei av bøkene mens eg strikka litt. No har eg hatt meg ein pause på sofaen med bok på øyret, men trur eg må lese om att det meste.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 5,oktober

Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått,  eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...