tirsdag, august 11, 2015

Dagbok 2015: 11.august

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 15 grader C, og akkurat no er det overskya og opphaldsvêr ute. Før middag såg det ei tid ut til at vi kunne få ein fin dag, men så kom det etter kvart voldsomme regnbyger.
I går vakna eg opp relativt smertefri, det gjorde eg ikkje i dag, om det er regnet si skuld eller om det er fordi eg tok av meg strikkasokkane ei stund i går, veit eg ikkje, men håper eg blir likar` i morgon.
Hadde avtale med frisøren klokka 11.30, så det var ingen vits å starte opp noko prosjekt i dag, men eg dusja og var i banken og tok ut pengar før eg stilte i Mosmarka. Nils besøkte "fabrikken sin" mens eg var hos frisøren.
Etterpå var vi ein tur på biblio, der det ikkje var nye lydbøker å oppdrive. Eg lånte ei papirbok som eg har lese om, "Stein saks papir", den har fått Nordisk råds litteraturpris, så den bør vere bra. Så får eg lese vidare om "Slåttekar i himmelen" på senga. den har eg lese før, men fekk lyst å høyre den ein gong til.
Vi var også på Amfi og handla litt medisinar og mat. Men så regna det så fælt at det var best å pitle seg heim att. I dag åt vi spekemat til middag, men lukta av steikt makrell blir vi ikkje kvitt, den ligg sikkert att i ventilatoren.
Eg har ikkje gjort det skapte grann i dag, men det er vel ikkje så farleg?
Eg er spent på å høyre frå alle som har starta på skule, jobb og studiar etter ferien. Hugsar at eg alltid gledde meg til å begynne på skulen att etter ferien - då eg var elev vel å merke.

Ingen kommentarer:

Dargbok 2025: 13.desember

Klokka er no 21.44,temperaturen ute er + 6 graderC, det er overskyaog dei melder regn. Inga kvit jul i sikte altså, men eg er veldig fornøgd...