lørdag, mai 02, 2015

Dagbok 2015: 2.mai

Klokka er ca 19.30. Temperaturen ute er + 7 grader C, og no skin sola. Tidlegare i dag var det meir skyer og kald vind.
Denne dagen har gått opp i berre tull, eg har knapt lagt to pinnar i kors. Nils var med Jørn ut og drog opp båten hans før middag, eg nytta høvet til å lese ut boka mi.
Det vart litt seint før vi kom oss nedover i dag, men eg hadde eit ærend på Amfi. Eg visste at dei skulle samle inn pengar til Nepal i dag, og ville gjerne bidra med ein skjerv. Vi fekk smaksprøve av asiatisk mat, som nokre søte unge jenter delte ut som takk for gåva.
I dag var det utruleg mykje folk på Amfi, sikkert mange som trekte inn i det kalde vêret. Vi trefte Ruth og Harald, mellom andre, og vart ståande og prate med dei. Vi ser dei no att i konfirmasjonen i morgon.
Vi handla ikkje mykje på Amfi i dag, tok ein tur på Rema 1000 i staden. Kjekt å sjå inn på andre butikkar innimellom. Og så var eg ut til Målar-Olav og kjøpte maling, for no MÅ eg male litt vinduskarmar etc. Nils er allergisk mot malingslukt, men den eg kjøpte var garantert luktfri.
Då vi kom heim laga vi middag, i dag vart det kokt lange, og det smakte godt, som vanleg. Etterpå slokna eg på sofaen, og heldt på å ikkje vakne opp att. Det skulle tatt seg ut. 
Det vart litt sløvt her no etter at vi var ferdige med diverse feiringar i mars og april månad, men sjølve konfirmasjonen til Amanda står att. Det blir ei enkel feiring sidan dåpen vart feira førre helg.
I dag kunne vi ha feira 9-årsdag, men bursdagsbarnet er for langt borte til at vi rekk tak i han. Det er "mellombror" Vebjørn som fyller år og  då er det to veker til storebror blir 13 år. 
På Eid er det konfirmasjon i dag. Og vi gratulerer Kristine med dagen!
No er det ikkje lenge før Grand Prix-sirkuset er i gang og det må eg sjølvsagt ha med meg. Eigentleg har eg meir lyst å gå ut, sjølv om det er litt kaldt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...