fredag, mai 08, 2015

Dagbok 2015: 8.mai

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 6 grader C. Vi har nettopp hatt oss ein liten tur ut i hagen, mellom regnbygene. Nils ser mest på plommetrea, jordbæråkeren og plenen, det er liksom hans ansvar. Eg ser no litt på diverse blomster og busker, og lurer stygt på korleis eg skal få vekk ugraset. I år blomstrar det nye Victoriatreet skikkelig, så no håper vi på frukt. Det treet har vore klipt av gartnar kvart år heilt sidan det vart planta, så vi håper det skal bli finare på skap enn dei andre.

Vi har tre Opaltre oppe på plenen som er meir og mindre skamklipte, men sjølv eit gammalt tre kan kome med nye skot og blomster.

Rhododendronen, eller strengt tatt er det vel ein hageasalea, er litt seint ute i år, men no kjem den også i blomst. Det meste er seint ute i år.Det er utruleg kor mange grønfargar som finst i naturen. Det er "Fifty shades of green".

I dag var det "Verdens aktivitetsdag" på Bakk-Ola, for den eldre garde. Vi får berre venne oss til at det er der vi høyrer heime no. Datoen er eigentleg den 10.mai, men aktivitetssenteret er stengt i helgane.
Derfor fall dagen i år saman med frigjeringsdagen, noko som både Eli og ordføraren nemnde i talane sine. Eg synest det er rart at eg kan hugse 70 år tilbake i tid! Hugsar så tydeleg då besten heiste flagget og eg såg eit norsk flagg for første gong.
Etter at leiaren i pensjonistlaget og ordføraen hadde halde talar, fekk seniordansarane vise oss to fine dansar. Det var ingen slinger i valsen der, sjølv om fleire av dansarane er nærmare 90 enn 80 år. I den tredje dansen fekk publikum vere med, og sidan der var folk frå opplæringssenteret og hjelpte til i dag, vart det eit fargerikt fellesskap. Så gjekk vi trimrunda. Eg kom meg rundt den lengste løypa i år også, ein får vel vere glad over at ein i alle fall greier det.
Etter strabasane var vi inn på kafeen på Bakk-Ola og kjøpte mat. Dei serverte betasuppe, blant anna, men vi kjøpte berre sveler og kaffi.Ei gruppe med toradar-spelemenn frå Volda spelte eine slåtten føre og den andre etter. Nokre av pensjonistane dreiv det så langt at dei dansa, på den vesle plassen som var til overs.
Eli lurte på korleis dei unge afrikanarane opplevde å vere i lag med oss. Dei er nok vane med andre dansar og rytmer.
Vi for rett heim etter at det var slutt på Bakk-Ola, for vi hadde handla før vi gjekk dit. Blant anna hadde vi brukt alle rabattkupongane på Coop. Blant tilboda var det ein stor pizza, så det vart middagen i dag.
I morgon før middag skal Nils vere med Jørn ut i Fosnavågen og hente båten hans.Elles har vi ikkje så mange planar før vi kjem til tysdag. Litt uvant, etter alt som har vore i det siste. Vi er ikkje heilt bra etter forkjølinga, men eg har friskmeldt meg sjølv no.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...