lørdag, mars 28, 2015

Dagbok 2015: 28.mars



Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 5  grader C og freden har senka seg i heimen. Ute har eg ikkje vore i dag, men det har vore overskya og kanskje litt regn.
Vi starta feiringa tidleg, dei første gjestane kom klokka 13, og så avslutta vi tidleg. Det passar godt for gammalt folk.
Barn og barnebarn som hadde høve til det møtte fram for å glede 75-åringen. Traktementet var enkelt, så ingen trong stresse. Det var eit lite spleiselag, slik som det ofte blir i vår familie.
Eg har fått utrulig mange nydelige blomste: korger, potteplantar og bukettar. Det er overveldande.I tillegg har eg fått mange fine gåver. Her går ein og trur at einhar alt ein treng, men så kan det hende at andre ser at ein treng noko nytt.  Eg vil takke alle som har hugsa på meg i dag.


4 kommentarer:

Fjordheim sa...

Gratulerer med dagen
Så koselig å ha spleiselag på dagen sin så slipper en å styre med all maten alene.
Ha ei herlig påske :)

Anonym sa...

Nr 14 gratulerer med overstått dag!

Hildegard sa...

Nydeleg dekka bord og vakre blomar hjå dokke, gratulerer med vel overstått bursdag! Audny kom her med sine bursdagsplantar før dei reiste til syden og feirar dagen der. Føler det er litt for kaldt endå å la samanplantingar med vårblomar stå ute om natta, så eg ber dei ut og inn... Viktor har roa seg og nyt å vere på ferie, han også. Kjekt for han å vere ute i hagen når det er opplett ver. God påske til deg og Nils!

Besta sa...

Eg tek også inn uteblomstrane om natta. Vi sende ikkje noko til Audny sidan vi visste at ho skulle reise vekk. Vi får ta det att. Vi ønsker GOD PÅSKE til deg og Svein og resten av fam.

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...