søndag, mars 29, 2015

Dagbok 2015: 29.mars


Klokka er 20.00. Temperaturen ute er 4,4 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag, men enno er det lyst ute, takka vere sommartida.
Ja, vi hadde ikkje stilt klokkene før vi la oss i går, så det var langt på dag så snart vi hadde ete frokost.
Vi fekk med oss det meste av palmesøndagsgudstenesta på TV- litt uvant at barna vifta med "palmegreiner" og song "Kanskje kommer kongen"-det overgjekk nesten dåpsdagen til Eirik, der dei hadde greiner av thuja.
Middagen i dag var restar frå i går. Ja, eigentleg har det vore litt "dagen derpå" i dag, eg har vore veldig lat. Sat og strikka litt mens eg høyrde på ei dødskjedelig lydbok; det er berre viljen som får meg til å lese den ferdig. Og eigentleg forstår eg ikkje kvifor eg føler meg forplikta til å fullføre.
Så går eg her og ser på alle dei fine blomstrane som kom i hus til bursdagen min. Eg er veldig glad i blomster !
I morgon hadde dei to yngste gutane på Hareid tenkt seg på Kolåstinden, men Nils kontakta ein fagmann som frårådde dei å ta turen. Så no skal Nils ut og sette garn i morgon tidleg og så kjem dei to karane for å hjelpe til med å drage. Så får eg håpe det blir ein bra fangst. Eg finn meg vel litt husarbeid å henge fingrane borti.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...