Eli Kjøde og Eirik Stave
Klokka er 20.30, temperaturen er + 4 grader C, det har vore overskya og litt regn i dag, men det betyr ikkje så mykje når ein har fullt program inne.
Vi somla litt på føremiddagen før vi kom oss nedover, hadde ærend på apoteket i dag også.
Så var vi på Bakk-Ola og henta songbøker og årar etc. før vi var på Kulturhuset og dekka bord og gjorde klart til møtet.
Vi fekk eit par timas pause heime, så vi fekk laga oss litt mat, dusja og "pynta" oss. Vi må møte i god tid før møtet, sidan Nils er med og sel billettar.
Det såg ikkje ut som det skulle komme så mange, men så ramla det inn folk i massevis, fleire enn vi hadde berekna mat til. Elles var det no veldig kjekt.
Særleg sidan Øystein var dagens trekkplaster. Han var der og fortalde om Store-Rasmus, ikkje romanfiguren, men den verkelege personen. Trur alle tykte det var interessant.
No skal eg ikkje referere heile møtet her i kveld, referat til avisa skal eg skrive i morgon.
Nils vann to gevinstar i dag, ein primula (no har vi fire) og ein stor mørkeblå handduk.
Eg blir alltid litt surrete i hovudet etter slike møte (tinnitus), så no skal eg ha meg ei stille stund og legge i hop klede.
Så får han Nils sitte og høyre på at politikarane tyt om att og om att på samme argumenta.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar