torsdag, januar 29, 2015

Dagbok 2015: 29.januar

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er minus 1 grad C; det har vore ganske fint vêr i dag, men ikkje så klårt at sola har vore særleg mykje framme. Men vi fekk registrert at ho forsvann bak Melshornet i 12-tida (bildet). Så då kan det ikkje vere så lenge til ho "kliv honnje", som vi seier her i Ørsta.
Dagen i dag har gått fort unna utan at det har hendt så mykje. Eg sette meg til å skrive referat før middag, var ferdig i 12-tida. Då kom Nils heim, han hadde vore eit lite ærend nedover, og vi åt lunsj. Vi pusla rundt litt til det vart tid å lage middag. I dag vart det fiskegrateng frå frysaren; eg raspa gulrøter og kokte broccoli til, så vi sløyfa potetene.
Elles har eg lese litt i boka eg begynte på i går, den tek faktisk til å interessere meg. Handlinga er lagd til Afganistan. Og mens eg les strikkar eg lester.
Med andre ord har dette vore ein dag utan store opplevingar, men det gjer ingen ting.
I morgon skal eg på lunsjbesøk til ein nabo. "Damelunsj" kan vi kanskje kalle det.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...