mandag, september 01, 2014

Dagbok 2014: 1.september


Klokka er 19.00, temperaturen ute ca +17 grader C, det er overskya og opplett. Litt grått når sola ikkje er framme, vi er godt vande etter kvart.
No er heldigvis streiken over, ein streik som kunne vore ungått om KS hadde høyrt på lærarane i første omgang. "Den veit best kvar skoen trykker, som har den på".
Dagane går som ein røyk, og eg synest det er vemodig kvar gong vi går inn i ein ny månad, særlig når det går mot vinter -på sikt.
I dag nytta eg høvet, sidan det enno var opplett, til å bytte på sengane, vaske soverommet, vaske sengetøyet og få det ut på snora.Nils hadde eit ærend nedover imens. Då han kom opp att, vart det hagearbeid. Jamen måtte vi til å klippe plen i dag også, Nils klipte mest, men eg også tok nokre rundar. Det er tungt å slå nede i skråninga.
Så plukkar vi epla etter kvart som dei dett ned; vi har fått fram "jusmaskina" og pressar epla til saft. Det er ein slags sommareple, og kvaliteten er vel ikkje topp, men det går fint å drikke dei.
I morgon blir det å møte opp på Kulturhuset klokka 12.00 - 13, dekke bord etc. Sjølve pensjonistmøtet tek til klokka 16.00. Gjest er "Prøysen-ekspert" Per Jansen, som var lærar på folkehøgskulen her. No bur han på Sørumsand.
Håper det blir eit kjekt møte.
Eg har begynt på ei ny bok, men har ikkje fått lese så mykje enno. Har det med å somne innimellom, og derfor blir det mykje oppattlesing.

Bildet: Nils har fått massevis av gamle bilde frå ei fetter på morsida. Eg sat og såg litt på dei i dag, og beit meg merke i dette "kvinnebildet". Det er tydelig å sjå at idealet for kvinnene var at dei skulle "ha noko på hendene." Synest det er ei sjarmerande bilde.

2 kommentarer:

solveig sa...

Artig bilde! Dei er ikkje så gamle alle heller.

Besta sa...

Nei, dei måtte tidlig krøkast den tida.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...