Klokka er 19.00. Temperaturen ute er + 14 grader C , det er ganske skya, men opplett. Før middag var det litt sol, og seinare nokre regndropar, så her er litt for ein kvar smak.
I går kveld gikk eg ut og reinsa og rydda beddet ved garasjen. I dag hadde eg ny mold på, så no ser det ganske fint ut. Nils og eg var ute og jobba heilt til vi hadde litt "lunsj" i 13.30 tida. Vi la mold på beddet nedanfor garasjen og sådde blomkarse. Elles gjorde vi diverse oppryddingsarbeid; hagearbeid tek aldri slutt, det er mi erfaring, men fint å vere ute i dag.
Vi skulle ta ei lita pause etter lunsj, men då kom varmepumpemannen, som vi hadde bestilt, og tok sørvis på varmepumpa i kjellaren.Eg slappa av litt med boka mi, men då det vart Nils sin tur å slappe av, laga eg fiskekaker. Eg lagar aldri mykje om gongen, berre ei røre(1,7 kg) i dag. Dermed vart det fiskekaker til middag også. I mellomtida var eg ute ei lita stund, men så var det ei veninne som ringde. Vi fekk oss ein lang og hyggelig prat.
Etter at vi hadde ete middag hadde eg enda litt energi att, så no har eg ein brøddeig på gang. Baka brød til meg sjølv på mandag, og i dag bakar eg til Nils.Lurer på å gå ein tur ut mens deigen står til heving.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagok 2026:22-juli
Solveig og barnebarnet. Klokka har er 23.07, temperaturen ute er pluss 11 grader C og no regnar det. Det var opplett på føremiddagen og v...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Bra du minner meg på å så blomkarse!
Legg inn en kommentar