Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er + 5 grader, så vi er tilbake i den kalde sona. I dag har det både regna, hagla og snøa; no ser det ut som om sola skal kome fram- men det er er ver berre lureri.
I dag var vi ein tur ril Vik etter at Nils hadde filetert fisk. Vi handla på Amfi før vi gjekk opp i gata. Hadde tenkt å sjå innom den asiatiske kafeen ADAM. Og i vinduet såg eg to av kollegaveninnene mine. Vi fire hadde ei koselig stund, åt noko bakverk fylt med løk og andre grønsaker og drakk te til. Det var godt og rimelig. Håper at både butikken og kafeen skal klare seg. Dei held til i lokala der bakar Westre hadde konditori før i tida. Dei hadde fått det fint til inne.
Vi venta Solveig innover etter arbeidstid, ho måtte køyre den "gamle" bilen ut att, mens Øystein køyrde den "nye" bruktbilen. Ho gav seg tid til ein kaffikopp og så fekk ho med seg fisk ut att.
Etter litt diskusjon fram og tilbake bestemte vi oss for å lage blandaball til middag i dag. Den står no på kok. Nils har male både fisken og potetene på handkvern.Og så rørte eg med "storemiksaren". Vi prøver ein ny vri sidan vi syntest det blei vel finmale på foodprosessoren.
Eirik og kameratane er på Sunndalsøra på UKM. Margrete og småsøskena har booka inn for to netter på Seilet hotell i Molde. Lommerosk-bandet skal spele i morgon kveld, så då skal dei inn til Sunndalsøra og høyre på dei.
Vil ønske alle ei god helg!
PS: Konsistensen på blandaballen vart perfekt !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar