Klokka har passert 20.00, temperaturen ute er + 10 grader, det blæs litt og regnar litt, men det er langt frå så dramatisk som forventa. Mi beste von er at regnet og vinden skal klare å få bort snøen.
I dag har eg gjort lite og ingen ting. Strikka ferdig eit lestepar mens eg las ut krimboka som eg heldt på med. Elles har eg styra litt på kjøkkenet. Steikte ein kjempeporsjon med sei til middag, fisk som ikkje har vore frosen. Skal ha kjøt i morgon, derfor fisk i dag.
I morgon kjem Margrete og ungane til middag, og sidan Eirik har fødselsdag, blir det ei lita feiring.
Storfeiring blir det vel når Ingeborg kjem heim frå verdensturneen sin. Ho reiste frå Rio i går, så no skal ho etter planen vere i Peru.
I dag er det sommardag. I gamle dagar kunne ein tenar skifte jobb anten sommardag eller vinterdag(14.oktober)-ein måtte altså binde seg for eit halvår. Så at det er første sommardag i dag tyder berre at det er første dag i sommarhalvåret-ikkje at sommaren er komen.
Eg har enno ikkje fått i orden fotoapparatet, men skal sjå om eg får tatt eit lite vêrbilde til bloggen men knipsekamera.
I dag kan vi gratulere Kristoffer på Eid med 25-årsdagen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.juli
Regn kvar dag Klokka erno 16.27, temperaturen ute er +10 C,og det regnar både titt og of...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar