søndag, august 05, 2012

Vêrmelding 5.august - 2012

Klokka er snart halv åtte, og det har nettopp vore ei nokså kraftig regnbyge. Elles har det vore både skodde, sol og fint ver, og overskya i dag. Litt for ein kvar smak. Temperaturen er +17 grader no.
Sidan eg var i betre form i dag, fekk eg gjort ein del i huset før middag. Og sidan det var høvelig ver fekk Nils botnsmurd båten to strøk. No skal den ligge med botnen opp til vi kjem att frå tur. Og så skal den aldri bli skiten meir, står der i oppskrifta. 
I dag hadde vi røykt svinekam til middag, og etter måltidet sov vi middag på altanen. Og så vaskar eg klede i søkk og kav, for det er ingen grenser for kva eg treng av klesbyte når eg skal vere vekke nokre dagar. Mesteparten blir liggande i kofferten. Men om sommaren må ein vere budd på all slags ver -. Så det blir heilgardering.
Eg har også lese ut boka eg heldt på med; Levi Henriksens bok: " Dagen skal komme med blå vind". Det var ei veldig bra bok som eg gjerne anbefaler.
I morgon kjem Margrete bortom ein tur, så då blir ho til middag.



2 kommentarer:

solveig sa...

Her har det ikkje regna i dag!
Eg laga blomkålsuppe og serverte sommarkotelettar krydra med smoked paprikakrydder i dag. Det var nokre som var glade for at mora kom heim ogt kokte.

Besta sa...

Ja, det vil eg tru. Vi hadde røykt svinekam med smoked paprikapulver. Brukar det også på steikt makrell.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...