torsdag, juni 14, 2012

Vêrmelding 14.juni - 2012

Klokka er snart 13.00, temperaturen er +13 grader C og det er iskald vind.
Nils meinte vi skulle ta oss ei lita lufterunde, og sidan eg ikkje var spesielt sprek i dag, vart det berre ei runde rundt Storebakken. Men det skjer litt av kvart på Vallabøen. Øvst i Fonnavegen vart det i si tid bygt to store, flotte hus og området vart den gongen døypt "Millionærsvingen". Det eine av husa har vore i bruk heile tida, men det andre huset vart ståande tomt. No har ein lokal entreprenør kjøpt både huset og den store tomta og skal bygge fleire firemannsboligar der. Maskinene er komne på plass og begynt å grave. Interessant å følge med på slike prosjekt.
Lenger nede trefte vi på ein mann som heldt på å ta opp ei rot i hagen sin. Nils måtte sjølvsagt "hjelpe til" litt, og rota kom opp. Men så hadde mannen ein kjempesterk talje.I hola som vart etter rota skulle han plante ein nydelig lilla rhododendron som han hadde kjøpt i Nordfjord.

Det kom fram at mannen var pensjonert anleggsgartnar, så eg fekk mange gode råd då han forstod at eg var interessert. Han fortalde også at han kjøper alle sine plantar på Torheim. Dei har beste plantane og er dei som KAN mest om det dei sel. Det var både kjekt og lærerikt å prate med han. Men jammen var det godt å komme inn att i varmen! Eg trur at vi kanskje må på Felleskjøpet og få tak i maurkverk til jordbæra våre......
Helst av alt burde eg vel gått ut i hagen og stelt litt?
Det er fleire aktivitetar å velje mellom, men eg trur eg veit kva som blir resultatet.No skal vi i alle fall lage litt middag, i dag blir det fiskekaker frå frysaren.  
 Karen Marie har bursdag i dag og vi gratulerer.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...