onsdag, juni 13, 2012

Vêrmelding 13.juni - 2012

Klokka er 19.30. Ute er det overskya og + 10 grader. Vi fyrer i omnen. Sommaren vil visst ikkje openberre seg.
I dag vaska eg golv, strauk klede etc. før eg gikk i selskap. Ein eldre kollega frå Velle hadde invitert nokre pensjonistar pluss ei som framleis er yrkesaktiv til lunsj. Vi hadde det veldig hyggelig, som forventa, og vi hadde som vanlig mykje å prate om. Vertinna, som er 87 år, er ikkje "gammal" i det heile tatt. Vi fikk nydelige smørbrød + ost og kjeks og til slutt ei nydelig eplekake. Eg var den siste som gikk ! Møter vertinna ofte sidan ho er i pensjonistlaget, men då er det ikkje alltid slik at vi får prata så mykje med kvarandre.
No er det fotball på TV, det likar eg godt, for då kan eg lese i boka mi !

1 kommentar:

solveig sa...

Her regnar det no. Det gjer godt, men ikkje for Olaug som er på overnattingstur i fjellet ...

Dagbok 2025: 6.april

 Klokka er no20.35, temperaturen ute er + 6 grader og vi har hatt enda ein fin dag, Ikkje varmt akkurat men mykje sol, I dag vakna eg ikkje ...