tirsdag, juni 12, 2012

Vêrmelding 12.juni - 2012

Klokka slo akkurat ni slag, så då er det vel kveld?  Ute har det vore overskya heile dagen, men opplett. Sommarvarme har vi ikkje, no er det+13 grader ute, og særlig mykje varmare har det ikkje vore i dag.
Då eg stod opp i dag tidlig og kom inn i stova, sat Nils og sov i ein stol. Han hadde fyrt i omnen så det var godt og varmt i huset. Han kunne fortelje at han hadde vore oppe i 3-tida og sett at det var stilt og fint nede på fjorden.Og då var det berre ein ting å gjere: Fare ut og fiske. No var det ikkje fullt så fint ver ute på Rjåneset, så han kom snart heim att. Eg sov tungt gjennom det heile, for eg vakna også i 3-tida og måtte ta eit par tablettar fordi eg verkte i ryggen etter den lange skogsturen, og somna igjen. Eg har sagt det til han, litt strengt, at han ikkje skal fare på sjøen åleine så tidlig at ingen andre er ute.Men det er lita von om at han lyder.
Elles var vi ein tur til Vik og handla og trefte folk, og då vi kom heim laga eg Taco til middag. Nils fekk følelsen av at det var laurdag.
Etter at vi hadde ete middag og slappa av ei stund, tok eg meg ei ruslerunde rundt i nabolaget. Hadde ei bok på øyret, men det vart ikkje "lese" så mykje, for eg trefte mange å prate med. Kan ikkje gå lange turar kvar dag!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 19.novemger

Klokka er no 18.00, temperaturen er under 0, kanskje minus 5? I dag har eg hatt ein sløv dag. Det einaste jobben eg har gjort, er å lage ei ...