No har eg lese ferdig den tredje boka av "Lars Kepler", dei to første har eg skrive om før. Dei to første var det Nils Nordberg som las til meg, denne vart lesen av Håkon Strøm. Begge les godt, men Nordberg er ein av mine absolutte favorittar.
No skal eg prøve å summere opp kva eg meiner om desse tre bøkene. Alle tre er spennande bøker, med mykje action, til dels mykje vold. Dei er veldig "filmatiske"- på den måten at det er handlinga som tel, refleksjon er her mindre av. Rettnok streifer forfatterane innom både psykologi og samfunnskritikk, men det er ikkje hovudsaka. Språket er heilt alminnelig , bra, men ikkje originalt.
Både i Hypnotisøren og enda meir i Ildvitnet handlar det om barn. Barn som blir dårlig behandla og som blir meir og mindre kriminelle.
Alle tre bøkene er spennande , og ikkje minst denne siste. Ein "feil" med alle tre bøkene er at dei blir unødig langdryge på slutten. Las på nettet at etter Stig Larsson er Kepler Sveriges største eksportartikkel. (OK ! Eg likte berre SL si første bok, dei andre syntest eg var kjedelige og veldig voldelige.) Les gjerne om Keplers bøker på nettet, eller les dei sjølv.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

1 kommentar:
Må nok si at jeg ble litt skuffet etter å ha lest Ildvitnet. Boken ble en liten nedtur etter at jeg ble positivt overrasket av Paganinikontrakten. Plottet er ikke så godt som i den foregående boken. Jeg synest heller ikke at jeg blir så godt kjent med etterforsker Joona Linne. Har forøvrig tenkt å se den Hypnitisøren på kino, den første boken til Lars Kepler er snart å klar som film :)
Legg inn en kommentar