I dag reiste Anne Marie, og no er ho heime att på øya si. Der er det no sol og fint ver- i motsetning til her.
Mens dei var her fann eg fram dei gamle russekorta mine, og russekjolen frå 1958. Amanda fikk prøve den utanpå one-piecen. Den har ikkje vore under stykejernet på over 50 år, så den var ikkje direkte nystroken. Litt artig å sjå att det vide skjørtet-kanskje 50-talsmoten kjem att?
Russekjole anno 1958. Manglar berre eit breitt kvitt belte rundt livet.
I dag gratulerer vi farmora i Volda med dagen!
2 kommentarer:
Russeantrekket var no finare enn dagens! Frå kjole ril kjeledress ...
Kjolen var no fin ein gong i tida, og stoffet er like godt enno-ein slags poplin, trur eg.Alle hadde kjolar av samme stoff, men med ulik "fasong".
Legg inn en kommentar