Klokka er ca 18.30. Temperaturen ute er + 9 grader, men det regnar og blæs. Regn er vi vande med, vind er heller sjeldan her i Ørsta. Men vi fyrer i omnen og har det varmt og godt.
Nils og Anne Marie var på ein liten biltur før middag, men eg har vore inne heile dagen. Vi hadde budd oss på lammesteik i dag, og det vart det, til tross for at vi var borti sorten i går også. Og så overraska eg dei med heimelaga iskrem til dessert-den hadde eg laga mens dei var ute. Brukte ikkje oppskrift, men det vart godt likevel. Har nokre eggekviter til overs, så eg må vel smelle i hop ei Pavlova. Kanskje.
Elles har vi site her og strikka og prata, først no har Nils sett på TV-går ut frå at det er fotball.
Var ut for døra for å finne eit fotomotiv, og då kom eg på ei songstrofe: "Visst skal våren komme..." Tulipanane kjem i alle fall, uansett ver og føreforhold. Har ikkje fått rydda opp i beddet enno, men no må eg snart til.
Solveig fekk for mange år sidan ein "avleggar" av ei kristtornbuske av onkelen sin. Kristtorn veks vilt i Solund. Buska trivst på Hareid også, og har vakse seg stor.
I dag gratulerer vi Joakim med konfirmasjonsdagen.Joakim er barnebarnet til Rolf som gav Solveig kristtornbuska.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 29.september
Klokka er no17.45 , temperaturen ute er +11 grader, og i dag har vi hatt både sol og skyer, men ikkje regn. I dag hadde eg litt å gjere på f...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar