lørdag, mars 10, 2012

Bok nr 10 - 2012: Jeg skal gjøre deg så lykkelig.

Scena i boka er ei boligblokk i Trondheim på 1960-talet. Her tek fortellaren oss med inn i alle leilegheitene i oppgangen, og vi får eit innblikk i korleis familiane lever. Ikkje særlig originalt eller interessant etter mi meining. Somme tider føler eg at det rett og slett er ein studie i sosialatropologi. Det handlar mykje om  husarbeid og kva ein skaffar seg av nye tekniske hjelpemiddel. Sidan eg sjølv var heimeverande husmor nokre år på den tida, kjenner eg igjen noko, men eg budde ikkje i blokk og levde eit heilt annleis liv. Alle naboane er interesserte i kva dei andre gjer, så når det kjem ein ung gut og sel "kikhol" til ytterdørene, synest eg det er litt morsomt. Boka er i det heile tatt litt småmorsom om ein ser ironien i teksten, elles er den ikkje det heilt store når det gjeld litterær kvalitet. Ei lettlesen bok til å slappe av med, er det beste skussmål eg kan gi. Og Nils Ole Oftebro løfter nok boka eit par hakk. Det var nok med 6 CD-ar, for å seie det slik.

2 kommentarer:

solveig sa...

Einig.

Elin sa...

Heilt einig i di oppsummering av denne boka. Du er god å setje ord på ting! Eg las papirutgåva, og det var kanskje endå verre...