lørdag, mars 10, 2012

Vermelding 10.mars - 2012





Klokka er no15.15, temperaturen ca +6 grader C. No er det ganske bra ver ute, sola er framme så vidt også, men før i dag har vi hatt mykje VER. Det starta med hagl, torever og sterk vind, så gikk det over til regn og iskald nordavind.
Vi hadde tenkt oss ein tur til Vik i dag, men så fekk vi melding frå Margrete om at Amanda skulle spele på 12-konserten i Voldakyrkja i dag, så då blei det ein tur dit også. Amanda spela to nummer på kornett: Mull of Kintyre og Den bakvende visa, og var flink, som ho alltid er. Vi høyrde vi på mange andre flinke born også.
På vegen ut tok vi bilde av Erlend ved modellen av den gamle Voldakyrkja.
I våpenhuset heng det også eit maleri med motiv frå gamlekyrkja.
Heime i Ørsta var vi på Amfi og handla. Som de kan sjå på bildet er den fine muren mot sjøen er aldeles øydelagd av Dagmar, som har skylt småstein og anna fyllmasse oppå land.
No har vi ete ferdiggrilla kylling, loff og salat som vi kjøpte meg oss heim frå Coop Mega. Ei heil kylling kostar om lag det samme som ein kopp capuccino på kafé. Litt artig samanlikning, synest eg.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Vakker kyrkje,skulle vel ha besøkt den ein gong. Når det gjeld seniorkinoen, går den her for tida. Det er fortalt at far Kåre m.fl. var med på Strynfjellet den gongen, og at ein kamarat frå N.eid, skal ikkje nemne namn, skaut ein tyskar under trefningane der oppe. Dramatiske tider!

Besta sa...

Han som var leiar i pensjonistlaget heilt til no i februar, er frå Hyen, og han hugsar hendinga godt. Sjølv er eg ikkje spesielt interessert i krigsfilmar, men kjem nok til å sjå denne.

ariel sa...

Fine bilete frå kyrkja!