onsdag, januar 12, 2011

Vermelding 12.januar 2011

Klokka er ca halv eitt. Ute er det nesten klårt og nydelig ver, temperaturen er minus 5 grader C. Sola kjem litt lenger nedetter fjellsida for kvar dag, og den 18. skal ho skine inn i stova her - om det er klårver,då.
Nils for ut for å fiske i dag, i lag med Kjell. Han ringde i går, og sa at det var siste sjanse på lenge. Nils er ikkje direkte tungbedt. Dermed går eg her åleine og tutlar i dag også, men det går bra. I dag går det i brødbakst. Har ikkje kunna baka på ei stund, for det har vore så lite plass i fryserane, men i dag blir det i alle fall seks Ingers brød, og kanskje nok anna i tillegg. Nils et ikkje Ingers, nemlig.
Lagar ikkje i stand noko til middag, det blir berre dumt viss han kjem heim med fersk fisk.Og det håper eg no dei gjer!
Klokka 14.30: Nils kom heim med ein stor stamp med små og halvstor sei.Til saman fekk Kjell og Nils  ca 100 kilo på halvannen time. No har vi ete oss stappmette på den retten som i Bergen går under nemnet "Levende pale". Eigentlig høyrer det også fiskesuppe med til retten, men vi tek ein ting om gongen.Skulle hatt lyst å lage blandaball ein dag, men det er litt meir styr med det.

4 kommentarer:

Bjørg sa...

Jammen er han ivrig fiskar! Har han ikkje kvote heller?
Vi et på seien frå i sommar. Så det blir ei stund til det blir fisketur på Hans.

bodilingeborg sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Kjekt det vart storfiske igjen!

Besta sa...

Storfiske og storfiske, det var mest småsei, som Kjell fekk. Han tørkar mykje til hunden sin. Nils fileterer ein del til oss, men det blir mykje arbeid i forhold til resultatet.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...