torsdag, januar 13, 2011

Vermelding 13.januar 2011

Klokka slo nettopp 4 (16), ute er det nydelig ,klårt ver og minus 8 grader her oppe i bakkane, nærmare 10 minusgrader i sentrum.Det er er framleis lyst ute, men som de ser på bildet, er månen komen fram.
Vi kom nettopp heim etter å ha vore borte heile dagen. Vi har vore i gravferd til ei nær venninne og nabo som døde etter lang tids sjukdom. Vi var i kyrkja klokka 11.00, og etter sjølve gravferda  var det minnestund på Røde- korshuset. Det var ei fin gravferd frå ende til annan. Skal ikkje gå for mykje i detaljar, men det som eg tykte var særlig fint i kyrkja var at ein flink songar song to nydelige songar til pianoakkompagnement. Heilt til å begynne med song han Tir na noir, og seinare You raise me up. Elles var det mange vakre kransar og andre blomster.På minnestunda fekk vi nydelig gulasjsuppe + kaffi og gode kaker. Vi har mist ein god nabo og venn, som vi vil sakne sårt, men minnast med glede.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja, livet er ikkje enkelt, og nokre blir ramma hardare enn andre. Sist vi var på minnestund i Kyrkjetunet, vart vi merksame på eit bilde på veggen der det stod: "Alle disse dagene som kom og gikk - ikke visste jeg at de var livet". Veldig tankevekkande, er usikker på om det høyrer til eit heilt dikt eller?.
Bodil

Besta sa...

Har høyrt sitatet mange gongar, det er opprinnelig svensk, men veit ikkje kven som har sagt eller skrive det. I alle fall er det tankevekkande.Kunsten er å ta vare på dei dagane ein får.Det er berre at tida går så altfor fort SÆRLIG når ein begynner å bli gammal.

Hildegard sa...

http://www.livet.se/ord/k%C3%A4lla/Stig_Johansson

Googla sitatet og kom fram til denne forfatteren. Fleire bloggar og religiøse lag har brukt dette.

Eg har nok også høyrt sitatet før, men ein må vel bli over 60 og ha god tid før ein innser sanninga i sitatet.

Bodil

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...