fredag, januar 14, 2011

Vermelding 14.januar 2011

Klokka er no 14.15. Temperaturen er minus 6 grader, eit par grader varmare her enn i Vik.
Det er lettskya og fint ver, men som de kan sjå på bildet er mørkare skyer på veg inn frå sørvest.
Vi starta dagen med å lage fiskekaker av 3,2 kilo sei. Denne gongen brukte eg Bodil si oppskrift, så får vi sjå om vi blir fornøgde med dei. Vi skal ha til middag i dag. Eg smakar sjelden og aldri på kakene mens eg steiker, DÅ har eg ikkje lyst på.
Vi har vore ein tur til Vik. Hadde ikkje så mange ærend, men sidan det var ei veke sidan sist, måtte eg berre ha ein tur.Ein treffer alltid ein kvan ein kjenner og får seg ein hyggelig prat.
 Klokka 15.00 har Nils stemnemøte med naboen - på Felleskjøpet, dei skal sjå på snøfresar og kanskje kjøpe. Ja, då blir det vel slutt på snøen. Etter min ringe forstand hadde det vore lurt å kjøpe FØR snøen kom. Men kva veit eg? Det blir ikkje middag før Nils kjem heim att. Håper alle får ei fin og hyggelig helg!
Og i dag kan vi gratulere Roar Jarle med 43-årsdagen.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Kjekt med snøfresar. Svein hadde ikkje klart seg utan. Snøen blir komprimert/"minkar" når den har vore igjennom fresaren, så det går fint med lagringa, sjølv om vi har ein høg hekk på eine sida og husmuren på andre. God helg!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...