onsdag, januar 12, 2011

Bok nr. 3 2011: Little Bee

Det går fort unna med lesing for tida. Det kjem delvis av at bøkene eg les er korte og lettlesne. Denne er på 8 CD-ar, noko som eg meiner er akkurat passelig langt. Dette er vel også ei bok som kjem på bestseljarlistene, men denne likte eg godt. Den var både tankevekkande og gripande.
Det er to forteljarstemmer i boka; den engelske journalisten Sara, og den nigerianske ungjenta som kallar seg Little Bee. Vi får høyre om møtet mellom desse to på ei strand i Nigeria, der Sara er på ferie i lag med mannen sin. Little Bee flyktar frå landet for å berge livet sitt, og hamnar i ein integreringsleir i England der ho blir verande i to år. Når ho lykkast i å komme ut frå leiren, finn ho fram til dei einaste menneska ho kjenner i England, Sara og mannen hennar. Mykje skjer etter dette møtet, men for meg var ikkje hendingane det viktige, men samtalane og tankane omkring etiske og moralske spørsmål som dei heile tida må ta stilling til.Sentralt står også "Batman", sonen til Sara, som jagar "skurkar".( Han minner sterkt om ein eg kjenner).Boka er velskriven, og dei to damene som  les gjer det på ein flott måte.
Boka vert i mange kritikkar samanlikna med Drageløperen, ser eg. Eit lite minus til slutten, der kan vere ein liten tendens til sentimentalitet, og det er ikkje etter min smak. Les boka, trur ikkje du vil angre på det.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det kan no vere greit å lese noko anna enn krim innimellom.

Besta sa...

Ja, eg er heilt enig i det. No har eg så vidt begynt på Harlan Cobens bok Hold tett. Trur den blir bra. Eg plar like bøkene hans.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...