tirsdag, januar 11, 2011

Vermelding 11.januar 2011

Klokka er no nærmare halv to, temperaturen ute er minus 2,5 grader C. Det er overskya og opplett.
Nils held på og gjere seg klar til å gå på pensjonistkaffi på fabrikken, og eg er nettopp komen heim frå frisøren. Der gikk den føremiddagen, men eg føler meg som eit nytt menneske. Det blir sein middag på oss i dag, men vi har rikelig med restar frå i går, så då har vi noko å sjå fram til.
Trur eg skal gjere litt husarbeid mens Nils er vekke. Støvsuging etc. gjer godt når ein i utgangspunktet er litt frostige, slik eg alltid blir når eg har vore til frisør.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Det var eit koseleg bilete! Elles plar eg òg støvsuge medan eg er litt frostig. Snømoking i termodress er òg effektivt for å få varmen i seg.

Besta sa...

Eg trefte ei dame opp i vegen, som eg trudde var Kamilla. Reagerte litt på at håret var mørkare enn vanlig og at ho hadde ein rosakledd unge på akebrettet. Kamilla sin yngste er ein gut! Hadde eg i farten kome på at ho har ei kusine,X, som er veldig lik henne, så hadde eg lukta lunta.For ho var det. Eg beklaga så mykje, men heldigvis kjenner eg X godt, for ho jobba på Velle i si tid, som assistent. Syntest det var så søtt med den vesle jenta og dei høge snøbarane, så eg spurde om lov til å bruke bildet på bloggen.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...