torsdag, januar 27, 2011

Vermelding 27.januar 2011

Klokka er no snart halv sju, temperaturen så vidt over 0 og det er opplett.
I dag har vi vore ein tur til Eid og besøkt Bodil og Svein. Etterpå hadde vi ein liten runde og såg oss om på gamle trakter. Har ikkje budd fast på Eid sidan eg var 18 år, så det er mindre og mindre att av det som er kjent. Heldigvis har dei berga mykje av den gamle Gata som no heiter Eidsgata.Vi møtte Margrete og ungane på Folkestad, men blei ikkje med dei heim, for Nils skulle i eit møte klokka 19.00
Det var glatt på vegane og gatene på Eid også, men lite snø samanlikna med det vi har her på Vallabøen.Måtte ein tur inn på blomsterbutikken til Hildenes.Det er den finaste blomsterbutikken i regionen , trur eg. Og dei hadde eit rikt utval av sukkulentar, som var det eg var på jakt etter i dag. I min barndom og ungdom dyrka dei både blomster og grønsaker her, midt i sentrum.Herlige frilandstomatar når det leid på sommaren, og blomster som vi kunne vere med å plukke -og velje ut det vi ville ha.
I gamle dagar var det tre bakarbutikkar på Eid, og kvar bakar hadde sine spesialitetar. Nye ferske brød kom inn i butikken heile dagen. Trur aldri eg har smakt så gode brød sidan.Ein "hobbybakar" har teke over eitt av dei gamle bakeria, men ikkje butikken, så ein må bak i smauet for å finne han.Der har han, noko malplassert, eit blinkande lysskilt med OPEN. Eg skulle kjøpe eit godt grovbrød, men dei var utselde, så det vart berre ei kveitekake i dag. Han lagar også lefser og flatbrød.Men her må ein ha kontante pengar.
Eg har budd fleire stader på Eid.Dei 5 siste åra eg var heime, budde vi i dette huset, som høyrer til sjukehuset. Vi hadde halve 2.etasje. Ein hadde ikkje samme krava til ei leilegheit då som no.Då vi budde der var det ikkje heile , men oppruta vindu.Mamma budde der heilt til ho vart pensjonist i 1974. Ei jul, då vi besøkte henne og hadde katten vår med, kasta Margrete dyret utfor altanen og ned på trappa. Katten var like heil.
I dei første 6 åra av livet mitt budde vi i prestegarden.  Presten dreiv garden sjølv, med leigehjelp, og forpaktarhuset vart ledig. Seinare har dei bygt eit tilsvarande hus ved sidan av, men eg trur det nedste av dei to husa på bildet er det opprinnelige. Sjølvsagt er det heilrenovert.Eg kan hugse at tyskerane hadde ein bunker eit lite stykke frå huset, og at dei marsjerte forbi huset kvar dag og song mens dei gikk.Eg kan også hugse at der var piggtråd mellom huset "vårt" og prestehuset. Ein gong grov tyskerane ei skyttargrav ovafor huset, og eg sat ute på trappa. Då spruta det av mold og stein, og ein liten jordklump trefte handa mi. Det var sikkert ikkje særlig vondt, men eg hylskreik.Eg trudde tyskerane ville skyte meg.Eit par soldatar kom springande og lurte på kva som skjedde.Tenkjer av og til på denne hendinga når eg ser barn  på TV som lever midt i krigssonene.Dei har verkelig grunn til å vere redde.
Siste krigsvinteren måtte vi flytte ut og overlate huset til tyskerane mens vi var i Innvik hos foreldra til mor mi.
Ja, det blir som regel litt mimring når eg har vore "heim" til Eid.
Takk for ei koselig stund, Bodil og Svein.
"Prestehuset" er det kvite huset nedst på bildet. Nedanfor prestegarden ligg det nye Operahuset, eller rettare sagt: Operahuset ligg på prestegarden (-jorda). Det var ikkje heilt trygt å GÅ på vegane, så eg fekk ikkje tatt så mange spennande bilde.

3 kommentarer:

solveig sa...

Dette er viktig å skrive ned! Eg hugsar spesielt agurkane på Hildenes. Dei skar ut ein liten bit, så ein fekk sjekke om dei var beiske?

Hildegard sa...

Jammen har du fårr mykje ut av Eida-turen i dag. Kjekt å lese. Takk for alle sei-filetane som Nils hadde med og over 4 kg ferdigmalen sei til fiskekaker. Har steikt 102 fiskekaker no i kveldinga, no skal vi snart smake på dei - det vart graut tidlegare i dag.

Elin sa...

Veldig kjekt å lese! Eid er på ein måte min heimplass og...

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...