Så har eg lese den 5.boka i serien Min kamp. Denne boka er ikkje ulik dei andre bøkene i serien, men kanskje ikkje den eg har likt best av dei fem. I denne boka tek han føre seg studieåra i Bergen, då han liksom berre stampar rundt det meste av tida og ikkje kjem nokon veg.Eg er glad for at nummer 6 ikkje kjem før neste år, på samme tid som eg fryktar at Karl Ove har fått skrivesperre. Kan aldri vite når det gjeld den karen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.november
Klokka er no19.08, og på maskina mi står det at det skal bli snø m.m. Bildet over viser korleis det er her no. I dag morgon var det snø på ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

5 kommentarer:
Eg har ikkje sett desse på biblioteket her.
Ein må stå på venteliste, dei er aldri INNE.
Trur biblioteket i Ørsta må vere veldig bra, eller er det Besta som held dei oppdatert? Eg spurde etter bøkene på bibl. her, men dei hadde ikkje fått dei i sortementet endå!
Her er skulebibl. og folkebibl. slått saman i opera-/Evg-bygget, kanskje det gjer at utvalet er dårlegare? Eg sette meg på venteliste...
Eidabesta
Lydbøkene kjem ut på samme tid som papirutgåvene. På biblioteket her er dei veldig flinke å følgje opp og ta inn det meste av det som kjem ut. Og viss eg spør etter bøker dei ikkje har, så skaffar dei den til rette viss det er mulig.Eg får melding på mail eller mobil når dei får inn bøkene som eg har bestilt, eller står på venteliste for.Veldig hyggelige folk på biblio her.
Vi har også eit kjempebra bibliotek. Eg har lånt bok 4, men er ikkje begynt å høyre enda. Kosar meg med den siste av Henrik Langeland i papirutgåve.
Har hatt ein kjempepjask søndag, må stå over lysmessa i kveld også.
Legg inn en kommentar