søndag, oktober 24, 2010

Vermelding 24.oktober 2010

 
Klokka er no 14.20. Temperaturen ute er+ 2 grader. Akkurat no er det opplett, før i dag har det snøa.
Eg har brukt det meste av føremiddagen til å lage fiskekaker, det blir også middagen i dag. Kan godt ete fiskekaker på sundag når vi fekk lammesteik på laurdag.
Elles er det så vidt eg veit FN-dagen i dag, og innsamling til flyktninghjelpa. Det er trist at det skal vere nødvendig. Hadde det vore fred i verda, hadde det heller ikkje vore flyktningar.
Posted by Picasa

2 kommentarer:

solveig sa...

Her har vi ete restar, så det vert nok fiskekakelaging litt ut på ettermiddagen. Det går fort når ein er så heldig å få ferdig farse.

Besta sa...

Du som er så lærd skulle vite at det ikkje heiter farse, men t.d. melen fisk e.l.
Farse blir den først når den er ferdig spedd. Fiskekakene som eg laga i dag blei prima. Rørte 2 kg i miksarbollen og sidan det var lite med melk i huset, spedde eg delvis med matfløte !Beste fiskekaker eg har laga på lenge.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...