lørdag, oktober 23, 2010

Vermelding 23.oktober 2010



Klokka er el 11, temperaturen + 2 grader C. Det har regna ned i snøen, men borte er han ikkje. Ikkje enno! No held sola på å bryte fram mellom skyene, og då blir det straks betre.
I dag skal vi til Hareid, og då er det skikk og bruk at eg tek med meg noko "godt". Veldig ofte blir det denne desserten, som eg kallar Oddrun- dessert, fordi det var hos ei veninne med det namnet eg smakte den første gong. Om det skulle vere nokon som ikkje har laga denne, kan de få oppskrifta her. Det er verdens enklaste: Ein pakke fløyte(eller helst litt meir), ein pakke vaniljekrem, ein pose marengs+frosne bær. Eg brukar ofte berre rips, men i dag hadde eg 50-50 rips og bringebær. Visp fløyte og legg lagvis i skåla:krem,vaniljekrem, bær, knust marengs osv. Krem og heile marengs på toppen. Heile desserten er laga på 5 minutt og den fell i smak hos dei aller fleste. Dei frosne bæra held alt kaldt, noko som er ein fordel når den skal fraktast. Har laga to porsjonar i dag!
Posted by Picasa

3 kommentarer:

Trulte sa...

Å den så god ut. Har smakt en som ligner, men der var bærene byttet ut med svikekompot. Den var også god, men ser og høres bedre ut med bær. Heldige de som får spise denne.

solveig sa...

Minst ein her i huset som har denne til yndlingsdessert! Karamellpuddingen får konkurranse!

Hildegard sa...

Såg godt ut. Ein variant er tilslørte bondepiker som Besten likar godt!
Eidabesta