Eg meiner å ha lese alle krim-romanane til denne islandske forfattaren. Eg likte denne også, men sakna Erlendur som har leia dei førre etterforskingane. Han har ferie og Elinborg overtek. Eg har før kalla desse bøkene "Krim for eldre"-eit namn som eg synest høver bra. Saka vert ikkje løyst ved spaning, datasnoking etc. men ved å snakke med menneska. Og det er her desse bøkene har styrken sin, i skildringa av møte med menneske som fortel historia si. Eigentlig er bøkene meir skildring av menneske og miljø enn reinhekla krim.Men som sagt, eg saknar Erlendur i denne boka, sidan han også fortel myter og segner frå det gamle Island. Det litt gammelmodige i bøkene vert forsterka av at det er Ivar Nørve som les -han er heller ingen ungsau. Eg har sagt det før og seier det igjen:Eg likar best å høyre på eldre menn som les, dei har meir ro over seg. Kanskje fordi eg sjølv er gammal?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

2 kommentarer:
Eg les siste Wallander, føler at både han og forfattaren har eldest.
Du får ta vare på den til MP 3-en min!
Legg inn en kommentar