mandag, november 23, 2009

Om bord og dukar.


Det har vore litt diskusjon i familien om diverse strykefri dukar.Som eg har sett på andre bloggar,tyr somme til nervøs fløyel for å spare arbeid.No har eg rikelig tid å stryke dukane mine, men fann ut at eg skulle prøve fløyel som alternativ. Slikt stoff får ein kjøpt rimelig på Jysk i stuar på 5 meter, i mange fargar.
No landa eg på ein litt finare sort, som gikk under namnet chenille,der er prega mønster i det.Av stuen fekk eg duk til både spisebord m/plate og til salongbordet.Sidan vi skulle ha julemat, valde eg ein mørkraud farge.Vi klipte stoffet i høvelige lengder, sying var unødvendig.Spenninga låg i korleis det ville gå når eg skulle vaske dei feittflekka dukane. Eg spraya flekkane med Vanish før eg vaska dei i maskina på finvask og 40 grader.Det gikk heilt fint; kan ikkje sjå at dukane har tapt seg.Men eg reknar med at desse etter kvart kjem under kategorien "bruk og kast"-og kvifor ikkje?

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg såg at dei billege går no for 50 kr stuen. Eg kan tenke meg litt ulike fargar til dei ulike serviettane mine. Det vert nok ein tur innover. Elles har eg ein del av den kvaliteten eg kallar Spar Kjøp damask....

Besta sa...

Sparkjøp damask er sikkert litt meir varige.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...