søndag, november 22, 2009

Bok nr.76: Profitøren.


Las for ei stund sidan  boka En kule, denne boka er skriven av samme forfattaren. Boka handlar om folk som profiterte på andre verdskrigen på ymse måtar, og her er mykje faktastoff.For meg er det interessant ,sidan eg faktisk har lese svært lite om kva som skjedde under krigen.Merkelig nok.
Handlinga er lagt til New York i 1940-åra og til Tønsberg i notida. Vi kjenner alle oppskrifta:Brotsverk i notida har røter i fortida.
Eg hadde litt problem med å henge med i meglermiljøet i En kule, denne boka var mykje enklare å "forstå". Det er ikkje djupsindige betraktningar her heller, men her er ein god del action og spenning. Denne boka går under den kategorien som eg kallar"Krim med nogo attåt". Boka har eit flytande og lett språk utan unødige krusedullar,og opplesaren er berre heilt topp. God underhaldning.
Hadde høvd godt som film.


1 kommentar:

solveig sa...

Eg har fått tak i "Dragen" på lydbok. Men først skal eg lese den første i serien som eg har fått av ein kollega av meg. Han vil ikkje ha den tilbake....

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...