Tysdags kveld skulle Nils ut og sette garn,men etter ei stund ringde han frå Raudøya. Han hadde fått motorstopp, men heldigvis var han ikkje langt til havs, så han klarte å ro seg bort til brygga på Raudøya. Der måtte han vente til det stilna litt, og så prøve å ro inn att i hamna.(Her inne var det heilt stilt).Eg spurde om eg skulle sende hjelpekorpset, men han ville greie seg sjølv. Og han var ganske stolt då han kom heim ei stund seinare, gjennomvåt av sveitte, fordi han hadde greidd roturen.Rettnok er det ikkje langt frå Raudøya og inn i hamna, men så er det heller ingen færing han har.I går var han ut og henta heim båten, og no har han reparert motoren. Eg er ikkje heilt sikker på om det var olje/bensinblandinga som var feil, eller om det var kondens.Sidan det er nordavind og dårleg fiskever, blir det kanskje nokre dagar før båten kjem på sjøen att.
torsdag, april 16, 2009
Havsnaud?

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
4 kommentarer:
Roing er sikkert god trim, men det kan no gjerne vere mindre dramatisk. La oss håpe motoren er i orden!
Eg seier berre: Redningsvest og mobil. Bra han er så sterk til å ro.
Ja, han vart om lag ti år yngre i eigne auge etter den roinga. Skikkelig opptur, med andre ord.
Roing skal vere god trim, men sjølvsagt ikkje så kjekt når det er ein "ufrivilleg" øvelse. Godt det gjekk bra utan større dramatikk.
Eidabesta
Legg inn en kommentar