tirsdag, september 16, 2014

Dagbok 2014: (15) og 16.september

Øygarden. Eg budde på arka i andre etasje.(Huset var mykje finare før det vart utstyrt med karnapp, altan etc.)

Klokka er 21.00, temperaturen er + 12 grader C. Det har vore så fint som den finaste sommardag-eller enda betre.
Vi har vore på ein to-dagars biltur; mest har vi trakka i gamle spor, det var i alle fall litt av poenget med turen.
Skuleåret 1959-60 hadde eg lærarvikarjobb på Karstad skule i Solheimsdalen i nærleiken av Førde. Den gongen var det ikkje bilveg til Førde og der var ikkje elektrisk lys. Då eg kom dit var det litt av eit sjokk for ein 19-åring som kom frå metropolen Nordfjordeid. Litt av ein kulturkollisjon. Etter det kom veg har vi vore tilbake eit par gonger, siste gongen snakka vi ikkje med nokon.Når ein lever på mange måtar isolert i eit slikt lite samfunn i unge år, er det mange ting som bit seg fast i minnet. Mykje hugsar ein, mykje hugsar ein feil, og noko er gløymt. Å komme til denne dalen er for meg som å prøve å skrue tida tilbake, og sjå att stadane ein hugsar. Eg plar seie at eg hugsar kvart menneske, kvart hus og kvar hund i heile dalen. Det er berre det at mange gamle hus er borte, mange av menneska, kanskje dei fleste, er døde, for ikkje å snakke om hundane.
Eg kjenner meg ikkje att, så best det er har vi køyrt inn til skulen-ikkje den skulen som var der i mi tid, men ein ny og større. Eg har sett den på bilde. Vi køyrer innover dalen så langt vegen går, og eg minnest den gongen vi gjekk over heia og ned til Førde på skuletur. Ut att tok vi mjølkebåten til Ervika, og gjekk dei siste 7-8 kilometrane heim att. Verken barn eller unge var redde for å bruke beina der i dalen.
Eg las på postkasser og fann nokre namn eg kjende, og då vi kom tilbake til skulen møtte eg ei som hugsa meg. Ho var ferdig med barneskulen den gongen, men eg hadde syster hennar som elev.Vi fekk grei orientering om det som hadde hendt "sidan sist". Det var også ho som fortalde meg kvar eg skulle finne Jorunn. Jorunn var eleven min då ho gjekk i fjerde klasse. No er ho ei vaksen dame på 65 år,og underviser på den nye skulen. Vi har hatt ein del kontakt på FB, så eg ville helse på henne. Vi sat på altanen deira og såg utover det vakre Karstadvatnet, og dei høge fjella lenger borte og prata om tida som var, og det som er no.
På tilbaketuren fann eg att Øygarden, der eg budde den lange mørke vinteren. Huset var ombygt og hadde fått ein annan farge og løa var ny. Men eldhuset der vi vaska klede og henta ved, det stod der som før. Fargen var raud no, grå den gongen.
For å komme til Solheimsdalen køyrde vi Kviven, så til Stryn, Loen, Olden og Innvik. Den kvite skodda som låg over fjorden alle stader lett litt etter kvart, men i Innvik og Utvik var den framleis grauttjukk då vi for forbi. Første stopp var Utvikfjellet, der vi åt nistemat, der var det strålande sol,og slik var det resten av turen.Vi køyrde lags Jølstravatnet til Førde og så tok vi vegen til Askvoll, med avstikkaren til Solheimsdalen. I Askvoll overnatta vi, og i dag køyrde vi tilbake ein anna veg. Vi køyrde til Dale-Bygstad-Førde- Naustdal-Hyen-Sandane-Lote- Nordfjordeid. Der skulle vi stoppe som snarast, men vart sittande å prate ganske lenge. Vi hadde god tid til ferja og stakk oppom Margrete, men ho var ute og lufta hunden.Vi hadde ikkje sagt ifrå om at vi kom.
Eg skal komme tilbake med bilde og meir fortelling om turen, men no er eg passelig susete i hovudet, så eg får utsette det så lenge.
Søskenbarnet mitt, Ellen Marie, fyller år i dag, og vi gratulerer!
Ho er nokre år eldre enn bilen vår som er eitt år i dag.

søndag, september 14, 2014

Dagbok 2014: 14.september.

Klokka er snart halv tolv. Ute er det +14 grader, og vi har hatt ein fin dag. Litt skodde før middag, men så klårna det opp. Eg var litt treig i dag, så vi kom oss ikkje ut før etter lunsj. Då køyrde vi bort til Hovdevatnet og gjekk tur. Gikk ikkje så langt som vi gjorde i vår, for då blei eg dårlig etterpå, men vi kom oss opp i krysset og fekk skrive namna våre i boka.
På veg opp trefte vi mellom anna ei veninne frå pensjonistlaget-ho er snart 90 år, men ho er sprek som ein ungdom. Eg trøstar meg med at dei fleste er IKKJE så spreke.
I dag var Nils kokk og serverte ekte, gammaldags sjømannskost: "Erter, kjøt og flesk". Det var altfor godt, så vi åt altfor mykje, og etterpå drakk vi oss nesten i hel. Retten inneheld ein del salt!
Elles har det ikkje hendt mykje i dag. Eg låg på altanen og las bok ei stund, men då sola forsvann gikk eg inn att. Det er heilt håplaust når ein kjem bort i bøker som fenger ein slik at dei er vanskelige å legge bort. Men eg har no sett eitt TV-program også.
I morgon håper eg på å få gjort litt hagearbeid.

Bok nr.58 - 2014: Ren samvittighet.

Svend Foyn blir kastet ut i sin vanskeligste sak noen sinne, inn i et mysterium som på dramatisk vis skal komme til å utfordre hans egne holdninger i jakten på rettferdighet. 
Hva skjedde med Elvira Widerberg? Bit for bit, lag for lag, avdekkes nye fortellinger bak småbyens pene fasade. Ingen er uten hemmeligheter, alle har sine.
Den kritikerroste krimforfatteren og sosiologen Jan Mehlum går tett inn på virkeligheten i sin fjortende roman med tønsbergadvokaten Svend Foyn som fortellerstemme. Det er der alt sammen, kjærlighet og hat, svik og begjær. Og noen må betale prisen. Alt vår advokat opplever har skjedd eller kommer til å skje. Derfor tar fortellingen tak i leseren, vrir og vrenger på våre forestillinger og fordommer, for til slutt å presentere oss for en slags løsning.
Hør alle lydbøkene om Svend Foyn:
- Gylne tider
- Det annet kinn
- En rettferdig dom
- En nødvendig død
- Den siste dansen
- Din eneste venn
- For Guds skyld
- Det ingen vet
- Madrugada
- Bake kake søte
- Straffen
- En god sak
- Ren samvittighet
......................................................................................
Eg har lese nesten alle bøkene om Svend Foyn og hunden Hulda. Eg må innrømme at det er språket som fascinerer meg mest med bøkene, den elegante sarkastiske stilen, og dei gode replikkane gleder språkøyret mitt. Mange av bøkene er rett  og slett GODE, blant anna denne. Margrete har skrive om den før, så de kan lese hennar dom om de vil. Sjølv bryr eg meg ikkje om å vite for mykje om bøkene før eg les dei sjølv. Dei som likar god krim og godt språk vil like desse bøkene.Og han som les er veldig flink å få fram typane. Boka er på 9 CD-plater.

lørdag, september 13, 2014

Dagbok 2014: 13.september

Klokka er ca 21.45. Temperaturen ute er +12 grader C. Det har vore ein fin dag, litt grått frå morgonen av, men så vart det berre finare og finare.
Før middag var vi ein tur nedover. Eg har funne ut at den beste dagen å kjøpe medisin er laurdag, då er det minst kø på apoteket. Elles var det ikkje så mykje vi trong, men litt vart det i korga i dag også. Var ein liten tur i gågata, der hadde Røde kors eit opplegg, blant anna vart det servert  kaffi og vaflar.
Då vi kom heim gjekk vi ein tur rundt på Vallabøen, før vi åt lunsj. Ei veninne ringde og det blei ein lang prat. Då vart det tid for pause  med lydbok, på solsenga på altanen, før Solveig kom ein tur i 17-tida. Ho skulle hente ufrosen fisk, slik at ho får laga blandaball.Sende med henne litt bær og plommer også. Sjølv hadde ho med seg potteplantar til oss, noko som det faktisk var behov for; eg prioriterer ikkje stueplantar om sommaren.
Ei veninne ringde frå Bergen, så det vart enda ein veninneprat i dag.
No har vi sett Stjernekamp. Eg blei veldig imponert av blant anna Reidun Sæther, men kjem nok til å heie på Mo- først og fremst. Fordi han er ein av AUF-vennane til Ingeborg. Og fordi han er flink, sjølvsagt.
Eg tek opp "Skal vi danse", så kan eg sjå det utan reklamepausar og for mykje prat.
Har ingen spesielle planar for morgondagen, vi får sjå vêret an. Dagane og vekene gå berre fortare og fortare til eldre ein blir. Det er vi samde om, veninnene og eg

fredag, september 12, 2014

Dagbok 2014: 12.september


Klokka er 19.15, temperaturen ute er +17 grader, og det har vore nok ein strålande dag. Så mykje finevêr som i 2014, har eg aldri opplevd før. Synest berre eg får gjort meg for lite nytte av det. Misunner dei som er spreke og kan fare både i fjell og fjøre,det kan ikkje eg, men det er ikkje så mykje å gjere med det.
Sola skin enno, men ute på altanen var det ikkje meir sol no, så eg gjekk inn att. Har blant anna rippa nokre bøker som eg henta på biblio i dag.
Då eg stod opp i 8-tida i dag, var Nils vekk. Ja, eg visste at han skulle på sjøen, og så fann eg ein lapp med "Avreise klokka 7". Ikkje  før var eg ferdig med morgonstell og frokost, så var han heime att. Han hadde fått så mykje sei som han ville ha. Solveig kjem innover i morgon og hentar, ho skal vel ha mykje god mat klart når Håkon kjem heim på haustferie. Han er så glad i blandaball, ein rett som verken Nils eller eg hadde smakt før vi var over 70 år, men som vi også likar. Det blir likevel ikkje laga så ofte.
Vi måtte ein tur nedover i dag, eg skulle hente ei bok på biblioteket som eg hadde bestilt, og så fann eg  to til. Solveig har med seg minnepennar i morgon, og fraktar bøkene heim på den måten.
Elles kjøpte eg dei fire siste pakkane med sagogryn på Bunnpris, dei skal Solveig få.
Bunnpris i Ørsta er ein veldig fin og ryddig butikk, der det er lett å finne fram, så det blir til at vi handlar der av og til.
Vi åt litt lunsj og så la eg meg ut på altanen  og las bok, mens Nils slappa av inne, før han starta med å filetere fisk. Det arbeidet likar han! Elles har vi kokt erterstuing av 5 pakkar grøne erter, og så frys vi den i små porsjonar. Nis vil ha erterstuing til nesten all slags mat. Vi var innom Clas i dag og kjøpte nokre beger til å fryse i, og som kan settast rett i mikrobølgeomnen. Før brukte vi å fryse i syltetøyboksar av plast, men så fekk vi lære at slike skal ikkje varmast i mikro.
Middagen i dag blei taco; sjølv om vi er glade i fisk, må vi av og til ha mat med skikkelig SMAK på.
No håper eg det blir fint i morgon også, for eg har diverse arbeid som eg skulle ha gjort i hagen, men eg er avhengig av at Nils er med på det.
 Så vil eg ønske alle ei god helg, før eg benkar meg i sofaen framfor TV.

torsdag, september 11, 2014

Dagbok 2014: 11.september.

Klokka er no 20.45, temperaturen ute er + 14 grader, det har vore overskya og litt yr i dag. Eg har ikkje vore ute for ei dør.
Var spent på korleis forma ville vere i dag, og den var ikkje så elendig som eg hadde frykta.
Eg fekk både vaska og støvsuga til helga. Kunne godt ha pussa vndua også, for no er det vel slutt på insekta for i år. Her har knapt vore ei fluge i år, men tusenvis av kveps, og der er framleis masse humler i blomkarsebedet - men dei kjem ikkje inn.
Etter lunsj la eg meg på sofaen og las ut boka mi, Unni Lindells "Brudekisten". I morgon skal eg hente Jan Mehlum si nyaste bok på biblio, den skal vere bra. Skal rippe den, så Solveig kan få den med seg ut att når ho kjem innover. Ho hentar bøker frå PC-en min, og frakter dei på minnepenn.
Eg kjem til å halde fram med å lese lydbøker så lenge dei finst; å lese på brett er ikke aktuelt - treng å kvile augene.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag. Nils var på ein tur i skogen, han er sprekare enn eg. Til middag hadde vi kokt lange.

Bok nr. 57 - 2014: Brudekisten

Brudekisten er Unni Lindells tiende boken om politietterforskeren Cato Isaksen.

Tolv år gamle Maike Hagg, datteren til en psykiatrisk pasient, døde i kjelleren på Gaustad sykehus i Oslo i 1988. Politiet konkluderte med at det var en ulykke, at jenta falt fra en gardintrapp og slo hodet i steingulvet. Emmy Hammer og Aud Johnsen møtes tjuefem år senere for å snakke om det som egentlig skjedde den gangen. Foreldelsesfristen nærmer seg. Møtet blir farlig, for en av kvinnene vet for mye; angst og hat trigger en kaldblodig morder frem fra skyggene. Halloweenkvelden blir Aud Johnsen drept, og Cato Isaksen og Marian Dahle får saken. Miljøet på det Gaustad sykehus trer sakte frem - noe hviler i skyggen av noe annet.

På slutten av 90-tallet skjedde det en politisk endring i psykiatrien; alle skulle ut i samfunnet igjen. De slottsaktige bygningene på Gaustad ble tømt. Men én flyttet aldri ut.

..................................................................................................
Denne gongen gjorde eg i alle fall noko som var rett, eg laga meg ei skikkelig "rolleliste"- som eg fekk god bruk for. Det er mange personar involvert i fortellinga.
Eg plar ikkje like så godt kriminalromanane  til Unni Lindell, men denne gongen heldt eg nesten på å ombestemme meg, ho skriv nemlig godt, og ho er det eg kallar fokusert, her er ikkje meir privatliv enn det som er naudsynt.
Men.........ein krim-roman er aldri betre enn slutten, dvs. løysinga.
Unni Lindell kallar boka eit eventyr for vaksne, og vil vel med det seie at ho kan tillate seg ein litt "kreativ" løysing. Eg skjøna nesten med ein gong kven "skurken" var. Såg at boka hadde fått terningkast 4 på nettet, og det kan vel passe.Boka er på 11 CD-plater, det hadde klart seg med mindre.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...