lørdag, september 13, 2014

Dagbok 2014: 13.september

Klokka er ca 21.45. Temperaturen ute er +12 grader C. Det har vore ein fin dag, litt grått frå morgonen av, men så vart det berre finare og finare.
Før middag var vi ein tur nedover. Eg har funne ut at den beste dagen å kjøpe medisin er laurdag, då er det minst kø på apoteket. Elles var det ikkje så mykje vi trong, men litt vart det i korga i dag også. Var ein liten tur i gågata, der hadde Røde kors eit opplegg, blant anna vart det servert  kaffi og vaflar.
Då vi kom heim gjekk vi ein tur rundt på Vallabøen, før vi åt lunsj. Ei veninne ringde og det blei ein lang prat. Då vart det tid for pause  med lydbok, på solsenga på altanen, før Solveig kom ein tur i 17-tida. Ho skulle hente ufrosen fisk, slik at ho får laga blandaball.Sende med henne litt bær og plommer også. Sjølv hadde ho med seg potteplantar til oss, noko som det faktisk var behov for; eg prioriterer ikkje stueplantar om sommaren.
Ei veninne ringde frå Bergen, så det vart enda ein veninneprat i dag.
No har vi sett Stjernekamp. Eg blei veldig imponert av blant anna Reidun Sæther, men kjem nok til å heie på Mo- først og fremst. Fordi han er ein av AUF-vennane til Ingeborg. Og fordi han er flink, sjølvsagt.
Eg tek opp "Skal vi danse", så kan eg sjå det utan reklamepausar og for mykje prat.
Har ingen spesielle planar for morgondagen, vi får sjå vêret an. Dagane og vekene gå berre fortare og fortare til eldre ein blir. Det er vi samde om, veninnene og eg

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 10. mai

  Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 14 grader, så eg syntest det var litt kjølig inne, så eg fyrte litt i omnen, etter kvart greier ...