tirsdag, mars 11, 2014

Dagbok 2014: 11.februar

Klokka er no 21.15, temperaturen er+ 7 grader C og det er overskya og opplett.
Vi kom nettopp att frå møte/fest i pensjonistlaget. Marsmøtet er det einaste møtet der vi i styret i pensjonistlaget er heilt fri. Då er det kjekt å sette seg lengst bak i salen, i staden for ved VIP bordet lengst framme. God mat får vi også, fine smørbrød og gode kaker. Gratis er det å komme inn, men så kjøper vi lodd. I dag var eg så heldig at eg vann ei konfekteske og ein bøf frå sparebank 1. Nummeret eg vann på var K 2, som er namnet på Europas høgaste fjell, så vidt eg veit.
I dag hadde vi det koselig ved bodet, sat i lag med leiaren i Eldrerådet og mannen hennar, og leiaren i pensjonistlaget, det var vel det "yngste" bordet som var.
Elles i dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg vaska litt skap og skuffer på kjøkkenet før middag og gjorde elles litt forefallande husarbeid. Til middag blei det egg og bacon, og etter at vi hadde slappa av litt, tok Nils ein trimtur i skogen, eg gikk berre ein runde på Vallabøen. Med så mykje selskapeligheit burde eg nok ha trimma meir. Elles så må Nils på møte i Eldrerådet i morgon, han er personlig vara for ho som er leiar i pensjonistlaget og nestleiar i Eldrerådet, for ho skal til Molde på årsmøte. Det er travelt å vere gammal-somme tider. Men så har vi visst ikkje fleire plikter denne veka.
Forresten blomstrar krokusane i hagen vår no!

mandag, mars 10, 2014

Dagbok 2014: 10.mars.

 Klokka har bikka halv sju. Klokka sju kjem ei veninne og skal "plukke meg opp" på veg til Volda, så her sit eg stivpynta og ventar.
Ute er det overskya, stilt og nokså opplett. Tidligare i dag har vi hatt både sol, regn og vind.
I dag vart det berre opp i tull med meg, har vore til Vik to gonger, og så kokte eg graut til middag, elles har det skjedd ingenting.
Måtte sette på TV for å sette "Arvingane" på opptak, og der kom eg borti eit program som heiter "Deal or no deal"-har vel sett det før ein gong, men eg plar ALDRI sjå TV på dagtid, og der vart eg sittande og gløse. Heilt teit.
No gler eg meg til å besøke veninna mi som har flytta frå hus til leilegheit. Vi blir fem som køyrer i lag.
Det begynner å bli grønt der Nils har strødd kompostjord. Der skal rakast så snart det tørkar opp.

søndag, mars 09, 2014

Dagbok 2014: 9.mars,

Klokka er snart 19.30. Ute er det mørkt og det har regna det meste av dagen.Temperaturen er + 8 grader C. Det er vanlig sommartemperatur på desse kantar.
Eg er som katten, går helst ikkje ut når det er vått, men Nils har vore tur i skogen - av alle ting. Bra for meg, så fekk eg lese ut papirboka mi, eg treng litt meir ro når eg skal lese vanlige bøker, lydbøker kan eg gå med i lommen og lytte til mens eg styrer med eitt og anna.
Dette har altså vor ein gørlat dag for meg, men får ta att det forsømde etter kvart. Laga i alle fall middag om ikkje anna. I dag hadde vi steikt sei, må alltid ha eit par fiskemåltid, før resten av fisken hamnar i frysaren.
I morgon skal eg i selskap til ei veninne, og tysdag er det pensjonistmøte, så noko skjer det denne veka også.

Bøker nr 14- 2014: Hanging Hill


Hanging Hill
Søstrene Sally og Zoe har gått hver sin vei i livet, helt siden noe fryktelig skjedde mellom dem da de var barn. Nå er Sally nyskilt, pengelens og alenemor, mens Zoe er blitt politibetjent. Da venninnen til søsterens datter blir funnet drept på en bestialsk måte, har Zoe sine egne oppfatninger om hva som er skjedd. Og da Sally oppdager at datteren sitter i gjeld til opp over ørene, blir hun tvunget til å ta en jobb hun ikke ønsker. Snart oppdager hun at hun er i stand til å gjøre det utenkelige - og snart står de to søstrene sammen for første gang på år - i et kappløp med en morderisk overmakt som truer med å dra dem inn i en verden av vold, porno og fornedrelse.
"Hayder er en mester i å legge ut falske spor, og hver gang du tror du har forstått hvem morderen er, skjer det et eller annet som forandrer alt. Intensiteten holdes oppe til bokstavelig talt til siste side. Og slutten er noe av det stiligste jeg har lest på lenge." Stavanger Aftenblad, Kine Hult
"Den britiske krimforfatteren tar deg med på en spenningstripp som byr på overraskelser på løpende både, helt fram til siste side der du sitter med hjertet i halsen, og lurer på du klarer mer spenning ... " Trønder-Avisa, terningkast 6
.......................................................................................
Denne boka har eg lese på papir, den er på ca 430 sider. Eg har lese fleire bøker av Mo Hayder før, og visste på førehand at det vart sterke scener her, og det blei det. Det er ikkje politidykkaren Flea Marley som er hovudpesonen i denne boka, men ei ny tøff politidame som heiter Zoë.
Eg likte godt å lese boka på papir, det er lettare å halde orden på personane t.d. når ein får det på trykk. Aberet er at ein ikkje kan gjere noko anna mens ein les. Føler meg rimelig syndig når eg sit heile dagen, nesten, med nasen i ei bok. Før gjorde eg ikkje det, då las eg med godt samvit. Eg vil verken anbefale eller advare mot denne boka, men dei som kjenner forfattaren, veit kva dei går til. Og dette er ikkje den verste.

lørdag, mars 08, 2014

Dagbok 2014: 8.mars

Klokka er ca 19.45. temperaturen er + 6 grader og det har vore regn og litt vind i dag. Før middag var Nils og eg ein tur til Vik og handla litt, så hadde vi ein liten lunsj og ein liten pause på sofaen og i godstolen. Vi hadde lova Margrete at ungane skulle få vere her mens ho var på eit arrangement i Aasentunet.Det er sjølvsagt berre ei glede å få ha dei her! Dei kom ca 17.30, og eg hadde laga blomkålsuppe, for det er dei glade i, og litt brødmat, som vi åt i lag før Margrete måtte fare. Etter måltidet kopla alle seg til maskinane sine og er sosiale med heile verda. Amanda skypa med morfaren i samme rom. Dei er fredelige å "passe"-kan ikkje seie anna. Amanda og Eirik har med seg laptoppane sine, mens Erlend framleis synest det er kjekt med "storemaskina" og øyretelefonar.Det er nesten gale å legge det rotete kontoret inn på data.

fredag, mars 07, 2014

Dagbok 2014: 7.mars

Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 5 grader C, det blæs litt og regnar mykje. Ser ut til at vi må venne oss av med finevêr for ei stund. Vi var blitt så godt vande.
I dag tidlig reiste Nils på sjøen for å fiske, og eg bestemte meg for å lese mens han var vekke, må ha meir stillheit og ro når eg skal lese på papir. Gjorde sjølvsagt litt husarbeid også. Skulle berre mangle.
Nils kom heim med småsei denne gongen også, med nokre få litt større eksemplar av arten innimellom. No driv han og kokar småseimiddag-og det blandar eg meg ikkje borti.
Vi har vore ein liten tur på Nær- Kiwi og handla og så har eg sett til blomstrane til naboane, som kjem heim frå Kanariøyane i morgon. Alle plantane har overlevd, så vidt eg kunne sjå.
Jammen godt eg fekk vaska i går, hadde ikkje vore råd å ha ut verken dyner eller teppe i dag. Og godt at vi tok eit rafs i hagen mens finevêret varde.
Har hatt problem med fasttelefonen i dag, så Nils måtte kontakte Tussa. No trur vi den er i orden, men om de skulle ringe og ikkje få svar, får de prøve mobilen. Vi er heime resten av dagen/kvelden.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, mars 06, 2014

Dagbok 2014: 6.mars

Klokka er 19.00, temperaturen ute er +7 grader C og det har regna litt.
Min første jobb i dag var å bytte på sengane, lufte sengetøy etc. Yr.no melde nemlig opphaldsvêr i dag. Fekk no gjort det eg skulle likevel, i tillegg til å vaske og støvsuge heile "huset". Det var slikt eg gjorde etter arbeidstid før i verda. Ja, ja, det går deg vegen høna sparkar. Men ein får vere glad så lenge ein klarer seg sjølv.
Då eg var ferdig meg husarbeidet laga vi oss tidlig middag, i dag vart det fiskekaker frå frysaren, med grønsaker og poteter.
La meg på sofaen etter middag og somna -og så var det kaffitid.
Sidan det regna i dag fekk eg ikkje tørke sengetøyet ute, men måtte ty til trommeltørk, og då må eg også stryke. Sjølvsagt kunne eg funne anna sengetøy i skapet, der er nok å ta av, men vi har lagt vår elsk på sengetøy i flanell til vinterbruk.
Nils gikk seg ein trimtur rett før det mørkna, så då nytta eg høvet å lese i papirboka mi, Mo Hayders "Hanging hill". Likar godt å lese på papir, det er lettare å halde orden på personane enn på lydbok, men så kan eg ikkje gjere noko anna samtidig, det er eg vant til. Og no kan eg strikke igjen. I morgon har Nils planlagt å fare ut og fiske igjen, det er lenge sidan han har fått skikkelig fangst.
Neste veke er eg invitert i 60-årsdag på mandag og tysdag er det pensjonistmøte i regi av Rotary og Inner Wheel, så då er eg fri for plikter. Onsdag og torsdag kunne vi ha vore på fylkesårsmøte i Molde, men vi bad oss fri. Vi var der for to år sidan. Eg er ikkje så glad i slike samkomer med mykje folk.
Bildet: Eg med den siste klassen eg hadde før eg blei pensjo. Her feirer vi Karneval. Superheksa sjølv vart ikkje attkjend då ho kom inn på klasserommet den morgonen.
Det vart litt stille ei stund før det gjekk opp for dei kven det var. Margrete arva nasen.Hatten hadde sitt opphav på  frå ein countryfestival  - på Skjåk-trur eg det var.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...