Klokka er snart 19.30. Ute er det mørkt og det har regna det meste av dagen.Temperaturen er + 8 grader C. Det er vanlig sommartemperatur på desse kantar.
Eg er som katten, går helst ikkje ut når det er vått, men Nils har vore tur i skogen - av alle ting. Bra for meg, så fekk eg lese ut papirboka mi, eg treng litt meir ro når eg skal lese vanlige bøker, lydbøker kan eg gå med i lommen og lytte til mens eg styrer med eitt og anna.
Dette har altså vor ein gørlat dag for meg, men får ta att det forsømde etter kvart. Laga i alle fall middag om ikkje anna. I dag hadde vi steikt sei, må alltid ha eit par fiskemåltid, før resten av fisken hamnar i frysaren.
I morgon skal eg i selskap til ei veninne, og tysdag er det pensjonistmøte, så noko skjer det denne veka også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Vi hadde steikt sei i går. Det er god mat same kva dag det er!
Legg inn en kommentar