onsdag, februar 06, 2013

Dagbok 2013: 6.februar


Bilda er tatt frå altanen vår litt før klokka 11.00 i dag. Det nedste bildet har eg tatt rett mot sola og fylt ut med lys etterpå, på bildebehandlingsprogrammet Picasa.

Klokka er no ca 11.30, og eg skal på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. Har ikkje fått gjort mykje på føremiddagen i dag. Nils og eg har gått gjennom rekneskapet til Ørsta Mållag, der eg er såkalla (kjønnsnøytral) ettersynsperson. Så måtte eg ta ein telefon, og tida fyk av garde. Nils har visst funne litt snø å moke på, det snødde litt tidlegare i dag.
Kjem an på om vi må handle aldri så lite i dag, sjølv om vi har det meste av det vi treng.
No er det lettskya og fint, som de kan sjå på bilda. Temperaturen er så vidt over 0 grader C.
I dag er det Samefolkets dag, og eg håper dei har hugsa å heise sameflagget på alle landets rådhus. Eller ev. eit norsk flagg?

tirsdag, februar 05, 2013

Dagbok 2013: 5.februar

Klokka er snart 14.00, og om ein halvtimes tid skal eg på Fugl Føniks og møte eit par veninner.
Då eg vakna i dag var eg sikker på at det var sundag, men då eg såg at Nils sat med avisa, forstod eg at det var laurdag. Før det gikk opp for meg at det berre var tysdag. Ja, slik var det ikkje den tid eg var yrkesaktiv, då hadde eg timeplanen klar så snart eg slo opp augene. 
Strålande sol og blå himmel var det først på dagen, og eg var spent på om sola ville klive honnje i dag. Det veit eg enno ikkje om ho gjorde, for vi var ikkje heime i det aktuelle tidspunktet.
Sidan det var så fint vêr, måtte vi ha oss ein tur ut, men det var lite freistande å gå på vegen her, som ikkje berre var full av is, men veldig ujamn og ruglete.
Så vi tok med andemat og fotoapparat og køyrde ut på Rjåneset, ein slump bensin til båten vart også med. For sikkerheits skuld let eg broddane vere på skorne.Men der ute var det heilt bert.
Vi køyrde først opp til ungdomssenteret for å ta bilde frå altanen der. Nydelig utsikt var der, både over hamna og vidare omkring. Eg hadde speilreflekskamera og skulle ta flotte bilde. Trudde eg! Aldri har bilda mine vore meir mislykka. Men eg lærte mykje av feila mine, og det er det viktigaste.
No skyar det så smått over her og temperaturen har stige til + 3grader C, eller meir; vi har to målarar som viser litt ulikt.

mandag, februar 04, 2013

Dagbok 2013: 4.februar

Klokka har passert 19.30 og Margrete og Erlend har reist for å plukke opp Amanda på ballettskulen.
I dag har det vore regn og slaps ute, skikkelig utrivelig føre. Temperaturen er + 2 grader, men det er meldt om kaldare vêr ut i veka.
Eg har halde meg inne heile dagen, laga mat og gjort diverse anna husarbeid. Strikka litt har eg også gjort, ikkje på genseren, men på eit par lestar til forandring.
Til middag laga vi ein stor porsjon ertersuppe-/ brennsnut, slik at Margrete fekk med seg litt heim til dei resterande barna og vi har ein middag til. Greitt når vi først balar med det. Fann ei rabarbrakake i frysaren som fekk bli dessert. Det går ei stund før matlageret tek slutt.
Elles har det ikkje hendt så mykje sidan sist eg skreiv.
I dag kan vi gratulere Oddvar på Eid med dagen!

søndag, februar 03, 2013

Bok nr. 5 - 2013: Fru Inés .

Amalie Skram har aldri fått den plassen ho fortener  i norsk litteratur. Etter mi meining er ho fullt på høgde med dei fire store, som levde og skreiv om lag samtidig.
Denne romanen kom ut i 1891, men virkar på mange måtar veldig moderne, eller aktuell , når ein ser bort frå språk og miljø.
Dette er også ein kvinnesaksroman, men av ein heilt annan kvalitet enn "Kjerringer".
Boka er på 3 CD-plater og blir framifrå lesen av Bente Børsum. Språket er berre nydelig, skikkelig gammalt snirklete riksmål, eller dansk-norsk om ein vil. Eg er veldig svak for den danske syntaksen. Og opplesaren gjer ikkje noko for å fornorske språket, men les med bløte konsonantar t.d.
Ingen må misforstå meg; eg meiner ikkje at vil skulle skrive slik i dag, men vakkert er det.
Kva boka handlar om, kan de lese om på nettet. Og boka må sjølvsagt lesast ut frå den tid den vart skriven.
Eg anbefaler å lese bøker av Amalie Skram, denne inkludert.

Dagbok 2013: 3.februar.

Klokka er snart 14.00, bildet over er tatt tidlegare i dag, no er det ikkje sol. Men det er opplett og rimelig bra temperatur, +3 grader. Nils måtte moke litt i dag også, for dei hadde vore her og skrapa vegen, blant anna.
Elles har vi gått oss ein frisk tur fram til Engeset, der vi budde for 40 år sidan. Det var mykje is og glatt på vegane, men eg hadde broddar på skorne, så det gikk heilt fint. Eg var frostig før eg kom med ut, men no er temperaturen på topp. Eg sov dårlig sist natt fordi eg verkte i magen. Det er vanlig at eg ikkje toler så godt HOT  Taco, men MÅ berre ha det av og til.
Her var huset vi flytta inn i etter å ha budd på Melle i 5 år. Vi budde her i 3 år. Huset er blitt ombygd sidan den gong. Vi budde i første etasje, huseigaren i etasjen over, men då var der ikkje vindu nedover. Sidan den tid har dei løfta taket og fått full høgde oppe. Dette skriv eg, for det kan hende dei som besøkte oss der ikkje kjenner seg att.
No har det kome enda eit tilbygg, såg vi i dag. Eg hugsar kor svært vi tykte det var å flytte hit etter å ha budd i det falleferdige huset i Melsbygda. På Engeset hadde vi skikkelig bad, to stover og stort kjøkken. Og den tida greidde vi oss med to små soverom. Fekk vi gjestar, fekk vi låne eit rom i kjellaren. På nedsida av vegen budde ein familie med fem barn, så ungane våre hadde leikekameratar. Dette vart litt mimring. 
No skal vi ha oss ein kaffikopp og ei brødskive, så lagar vi middag seinare. Det blir sei i ei eller anna form i dag.

lørdag, februar 02, 2013

Dagbok 2013: 2.februar.

 Klokka  er snart 19.00. Temperaturen ligg omkring 0 grader og vi har hatt både snø, regn og hagl i dag. Men kva anna kan vi vente oss i Ørsta i starten av februar? Eg ønska meg snø, men litt kaldare enn no, og sparkeføre. Andre ønsker seg sol og sommar, det gjer eg også, men ventar ikkje slikt vêr i februar. No håper eg at vegane kan bli skikkelig skrapa slik at vi kan gå på dei.
Nils starta dagen med å moke tunet med snøfresar, men gjekk over til handkraft etter kvart. Snøen var våt og tung. Men han likar å få litt trening og er bra i form.
I dag hadde vi eit ærend på biblioteket, der Nils skulle låne fleire bøker om ishavsskuter. Han driv framleis og forskar på prosjektet sitt.
Så måtte vi til Volda for å kjøpe ein erm-pinne nr.3,5 -merkelig nok hadde eg ikkje det i samlinga mi. Mat handla vi på Rema 1000, men var innom Amfi såpass eg fekk litt mosjon. Der var mykje folk i dag også, men vi trefte berre ein vi kjende, og det var Harald.
Vi hadde bestemt oss for ein tur på Føniks kaffibar i dag, men der var stappfullt som vanlig. Stakk innom Asia-butikken i gågata og kjøpte tomatar, som luktar slik tomatar skal lukte. Litt anna smårusk blei det også. Håper at butikken skal klare seg, og det trur eg kanskje, for eg ser at her er komne mange nye innvandrerar i bygda no.
Då vi kom heim laga eg Taco, før vi slappa av på sofaen og i reclineren.Ja, eg veit at det er fredag som er Taco-dag, men vi gamle gjer som vi vil! No blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden.
Nydelig islandsk ullgarn på butikken i Volda.

fredag, februar 01, 2013

Bok nr.4 - 2013: Kjerringer


Ella, som er amanuensis ved universitetet i Oslo, skal halde ei kurs i latin på fritida si. Der møter det mellom andre opp tre vaksne, velutdanna damer på hennar eigen alder. Desse fire blir etter kvart venner og finn ut at dei alle har ein mann eller to som dei vil straffe. Slik blir klubben "Kjerringer" til. Dei fire damene finn ut finurlige måter for å få gitt mennene ein lærepenge.
Forfattaren skriv godt, det skal ho ha.Det heile er halde i ein humoristisk tone, men det er noko avlegs, noko 80-tals over heile boka. Eg trudde vi var ferdige med mannefientlige kvinnesaksbøker. No skal det seiast at ho på ingen måte skjer alle menn over ein kam, det finst også sympatiske typar av arten.
Så hysterisk morsomt er det ikkje. Eg var lei heile boka lenge før den var slutt. Det eg likte best var at eg lærte litt latin undervegs, både uttale og grammatikk, ja enda til heile setningar.No veit eg t.d. at Cicero skal uttalast "kikero"- problemet er berre at når eg er den einaste som seier det rett, trur alle at det er EG som tek feil.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...