torsdag, mai 06, 2010

Vermelding 6..mai 2010

Klokka er 12.30, temperaturen er + 11 grader og det er overskya opphaldsver. Sola er framme av og til,men det er kaldt å vere ute om ein ikkje jobbar skikkelig.
Nils har brukt føremiddagen til å gjere ferdig den nye jordbæråkeren etter alle kunstens reglar.Han laga karm rundt i trykkimpregnert material og så har han fylt opp med god mold før han la plasten på. Skiferhellene ligg der for å halde plasten på plass, men han har også stifta den fast i borda.
De vil kanskje legge merke til at den eine fôra manglar eit hjørne. Der låg det nemlig ein kjempestor stein som er umulig å ta opp med handemakt. Hadde gløymt at han var der. Vi har kjøpt heilt nye plantar; Korona i beddet til høgre på nedste bildet, og Senga Sengana i det andre. No driv han og plantar sukkererter i den "gamle" jordbæråkeren.
Mens han har styrt ute, har eg støvsuga og rydda inne. Etter middag skal eg rake plen og rydde ute.
Det er to fødselsdagar i storfamilien i dag.
Vi gratulerer Stein Inge på Eid med 41 -årsdagen!
Dessutan vil vi gratulere Lise i Stryn med 58-årsdagen!
Ha ein fin dag begge to!

onsdag, mai 05, 2010

Vermelding 5.mai 2010

Klokka er 12.00, og temperaturen er + 11 grader C.Det er lettskya og sol. Likevel kjennest det nokså kaldt ut ute.Nils jobbar med jordbæråkeren.Han kjøpte trykkinpregnerte plankar i går og lagar to bed etter alle kunstens reglar.
Som alltid når vi styrer med noko her i nabolaget vårt, kjem naboane for å sjå på dei nye prosjekta. Vi synest det er kjekt at det er interesse for det vi driv med.
Eg var ute og raka og styrte i går etter middag.Kjente ikkje vondt nokon stad før etter at eg hadde lagt meg. Då vart det problem. I dag har eg styrt inne til denne tid, men eg fell vel for freistinga å rydde litt ute i dag også om godveret varer ved.

Hos naboane på andre sida av Starevegen, driv to polakkar og jobbar. Dei skal legge skiferheller på altanplata.Det er eit styr med det, men så held det vel i lang tid utan vedlikehald.

tirsdag, mai 04, 2010

Vermelding 4.mai 2010

Klokka er snart 14. Temperaturen er + 7 grader, det er nydelig ver; sol frå nesten klår himmel. Men altså ganske kaldt.
I dag har vi vore på handlerunde og kjøpt ting vi treng. Nils har fått tak i det han må ha for å lage ny jordbæråker og så har vi kjøpt heilt nye plantar, Senga Sengana og Korona. Tilløpet til den nye åkeren ser de til venstre i bildet.Han grov opp området sist haust, så då vert det ikkje SÅ mykje å gjere no.Sukkererter har vi ikkje fått sådd enno av naturlige årsaker, i fjor på denne tid spira dei.
Hadde tenkt å kjøpe blomster til kjøkkenkassene, men fann ikkje noko vi var fornøgde med. Kanskje lurt å vente på varmare ver også?

mandag, mai 03, 2010

Knutsen & Ludvigsen - Hallo

Klokka 13.15.Temperaturen er ca +5 grader og det dalar kvite filler frå himmelen, utan at dei blir liggande på marka.
Det er ikkje fristande å vere ute, så eg har styra på inne; baka brød, støvsuga etc. Og så har vi endelig kome i gang med å henge opp bilda på nytt etter om-møbleringa. Vi er framleis utan salongbord, så noko bilde på bloggen blir det ikkje enno.
Nils har koka ertersuppe til middag, så no skal vi snart kose oss med den og kanskje ta ei skive av det ferske brødet attåt.Vi gamle har det ganske godt!

søndag, mai 02, 2010

Bok nr.23- 2010: Åndenes hus.

No har eg lese denne boka for andre gong. Det er nokre år sidan sist eg las den, og det meste hadde eg gløymt.Men det eg hugsa var den eventyrlige stemninga i boka, blandinga av realisme og fantastiske hendingar. Treng vel ikkje å skrive så mykje meir om boka, reknar med at dei fleste har lese den sjølve. Viss ikkje, så er det berre å gå i gang.Boka er ganske tjukk, men lett å lese.
Det eg lurer på no, er om eg skal sjå filmen eller ikkje. I alle tilfelle er det vel best å vente litt?

Vermelding 2.mai 2010.

Klokka er 12.30, temperaturen er + 9 grader C. Det er overskya , med små solgløtt. Det er ikkje akkurat så varmt, og kaldare skal det bli.
Eg lova å ikkje legge inn fleire bilde av den store snødungen, men eg kan vel få dokumentere at den er borte? Og det er ikkje utan hjelp. Det ligg ein del snø att nedan for garasjen, også der har Nils hjelpt til med spaden, men så var det også han som hadde lagt snøen der.
Nils har drive og filetert fisk til tross for at det er sundag. Eg har laga fiskekaker på foodprosessoren-  gjer det når det er små porsjonar. I dag laga eg 4 rører.Steikte kakene på den nye steikepanna som vi kjøpte på Coop-tilbod. Den er vi veldig nøgde med.
Så vil vi gratulere alle konfirmantfamiliane i slekta med den store dagen.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...