Klokka er 12.30, temperaturen er + 9 grader C. Det er overskya , med små solgløtt. Det er ikkje akkurat så varmt, og kaldare skal det bli.
Eg lova å ikkje legge inn fleire bilde av den store snødungen, men eg kan vel få dokumentere at den er borte? Og det er ikkje utan hjelp. Det ligg ein del snø att nedan for garasjen, også der har Nils hjelpt til med spaden, men så var det også han som hadde lagt snøen der.
Nils har drive og filetert fisk til tross for at det er sundag. Eg har laga fiskekaker på foodprosessoren- gjer det når det er små porsjonar. I dag laga eg 4 rører.Steikte kakene på den nye steikepanna som vi kjøpte på Coop-tilbod. Den er vi veldig nøgde med.
Så vil vi gratulere alle konfirmantfamiliane i slekta med den store dagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar