mandag, juli 28, 2025

Dagbok 2025: 28.juli


 Klokka er no17.30,temperaturen ute er + 15 grader og det er overskya, men opplett. for meg har det vore ein heilt spesiell dag, og det blir vel ein liknande dag i morgon.

Saka er at eg skal få slkifta til nye vindu på soverommet og datarommet mitt. På soverommet har ruta vore øydelagd lenge.mange år. Han som har flikka på huset mitt før ville gjere denne jobben også, og det var eg glad for. Han hadde bestilt vindua og dei har stått ute på tunet ei stund. I dag skulle han komme klokka 8, så eg var grytidleg oppe, noko som eg er rett som det er, men han kom ikkje før klokka 9. Det var no heilt OK. Han jobbar åleine og det går bra  men eg fekk hjelpe til litt med å få inn rutene. Eglles har eg kosta og rydda litt innimellom.

Han har fått på plass den eine ruta i dag, den på soverommet, så i morgon blir det datarommet og der er det litt krøbelt, men harn er no vand med litt av kvart.På bildet over ser vi soverommet etter at eg har kosta og støvsuga.


Fjølene under vindua blei skrota, så der må det nye fjøler til, slik eg har forstått det.
                 Her er soveromsvinduet på plass, så skal det komme nye fjøler                                                                  nedanfor.

                    Denne ruta skal på datarommet i morgon-håper eg.

Eg har no ikkje berre gått her og kosta i dag; eg var først ein tur på butikken  og litt seinare køyrde eg på VØR med hageavfall. Eg tek de turen når eg har 6 sekker-og det hadde eg i dag.

Marit kom ned og prata ei stund.  Eg har også sett TV og strikka litt. Men høgre tommeltotten er ikkje heilt god, så eg får ikkje strikke så mykje eg vil.

Komande natt skal eg ligge på datarommet, det er heilt greit, men det blir eit styr i morgon når den nye ruta skal inn, for her er trongt. Vi får sjå korleis det går Det hadde kanskje vore betre om eg var stor og sterk og kunne hjelpe til litt-.Men eg kan i alle fall stå tidleg opp og begynne å ordne opp på rommet.Eg er eit geni når det gjeld å stå tidleg opp.




søndag, juli 27, 2025

Dagbok 2025: 27.juli


  
Klokka er no 17.25,temperaturen ute er + 23 grader C, og det er sol og litt vind og skyer på himmelen. Heilt OK ver, og ikkje for varmt i alle fall.. Eg var tidleg oppe i dag ifjen, tenkte på at her skal komme ein mann i morgon og sette inn vindu til meg, han kjem klokka 8, så eg tenkte det var best å øve seg på å stå tidleg opp. Noko eg aldri har problem med.
Eg hadde ikkje planlagt dagen så dermed vart det ikkje så mykje eg fann på.Eg såg meg rundt i hagen etc, etter arbeid, så det vart til at eg rydda i rosebeddet oppe ved garasjen.
Etter at eg hadde ete litt lunsj, la eg meg ut på solsenga, men då skya det over, så eg gjekk inn att. No har eg sete ei stund oppe hos Marit som er åleine heime. Vi har no alltid noko å prate om. Kort sagt, så har heile dagen gått opp i berre tull, men no skin sola så fint ute at det er fristande å gå ein tur; dessverre er ikkje venstre foten i form til det, så det blir berre å gå og rusle rundt huset.I morgon er det heldigvis mandag og arbeidsdag, så då kan eg køyre på Vør, kanskje.
Og så kan det hende eg må hjelpe til å få vindua på plass ? Dvs. rydde og flytte på ting etc. Kven veit.
Her står det to vindu godt innpakka.


 

lørdag, juli 26, 2025

Dagbok 2025:26.juli

Klokka er no 16.48, temperaturen ute er + 16 grader og det er stort sett overskya men opplett. Tidlegare hadde vi sol innimellom.

I dag hadde eg tenkt å få gjort ein jobb, så eg sette i gang relativt tidleg. Saka var at heile vaskekjellaren vart "vannskada" i går. Det vil seie der hadde blitt masse vatn på golvet, men det meste forsvann i går. Men då det var gjort, ville eg ta ein liten Vask på rommetnår det likevel var vått . Derfor tok eg ut teppa som var våte og la dei i meir vatn eller spylte dei. På boildet over kan de sjå korleis eg vaskar plastteppe, Eg heng dei opp og spylar med slangen, på begge sider. Det vart ein del jobb , men eg er glad for at eg fekk gjort det, for der var eit visst behov. No er alle tinga på plass igjen og eg har hatt ei kvilestund. 

Eg tenkte eg skulle plukke bær i dag, men bæra var ikkje så modne som eg trudde. Derfor vart det til at eg berre rydda litt i hagen i staden.


Mandag kjem han som skal sette inn dei nye vindua mine, og eg veit at harn er glad i rips med vaniljesaus så då kjem han til rett tid. Eg må komme meg på VØR snart for no har eg mange hageboss-sekker.

Marit er heime åleine i dag, så eg skal ta ein tur opp til henne, trur eg. Eg har hatt meg ein lang pause etter det relativt tunge arbeidet før idag. I dag er det laurdag, så eg får ønske God helg! Det vart visst gløymt i går.

 

fredag, juli 25, 2025

Dagbok 2025: 25.juli


 Klokka er no19.22, temperaturen ute er + 21 grader C, det er skya, men ikkje regn. Eigentleg er det veldig fint å vere ute akkurat no. Men eg er inne altså.

I dag hadde eg ikkje noko som eg måtte gjere ute, trong ikkje vatne t.d. så eg gjorde ein liten innsats inne i hus, eg støvsuga teppegolva til dømes og rydda opp litt her og der. Etterpå tok eg ein tur på butikken for å skaffe meg litt meir mat.- Eg kom brått på at eg hadde spekesild liggande heime, så då blei det å kjøpe ny-poteter og diverse anna.

Då eg gjekk ut frå butikken tenkte eg på kor heldig eg er. Eg er 85 år, men kan gå på mine eigne bein og køyre min eigen bil, og eg har pengar til å kjøpe den maten eg vil ha. Eg har nettopp sett nyheiter frå Gaza, så eg veit litt om korleis folk der nede ,og andre stader i verda, kan ha det. Det vil seie-eg veit vel ikkje så mykje, men ser at folk lid.

Mens potetene kokte i dag halte eg i lang sudokuen i fredagsavisa. Den brukar å vere vanskelig, men i dag fann eg på noko lurt, så eg kom i land.

Litt seinare hadde eg eit ærend i kjellaren, og der fekk eg eit lite sjokk.Ho som hadde vatna gras og blomster med slangen i går, hadde skrudd av vatnet ute på muren, men ikkje i vaskekjellaren der vatnet kjem frå. Eg har eit litte plastfat som kan samle opp små mengder vatn, men når vatnet renn over fatet og renn ca 1 døgn eller vel det- Då blir det vått på golvet. Dei to lange golvteppa som låg der hadde no samla opp noko av væta , så dei fekk eg fjerna. Eg har ein stor mopp som eg for over med, meir kan eg ikkje gjere, men det er sementgolv der, så eg trur det kjem til å tørke opp bra til i morgon. Då får eg ein liten jobb med å få der i orden igjen. Det var så mykje som skjedde i går-på ein gong nesten,så det var kanskje ikkje så rart at eg gløymde stoppe vatnet. 

I dag har det vore ein roleg dag, eg sat og strikka litt men s eg såg TV, men eg sovna nesten framfor tV-en, berre eg ikkje sovnar med kaffikoppen i handa-det har hendt det også. Apropos søvn;  i dag sov eg til klokka 9, utan sovetablettar, og det synest eg er bra.

Det er ikkje blitt heilt grønt igjen i hagen, men no har vi i alle fall hatt regn.

Sola er der bak skyene-og det har ikkje kome gras der plommetreet stod.


torsdag, juli 24, 2025

Dagbok 2025: 24.juli

 

                                  Denne rosa har eg hatt nokre år

Klokka er no17.10, og eg sit og høyrer på torebrak, enno er dei langt borte, men vi får vel både smell og regn vi også om ei stund.Temperaturen ute er +25 grader C akkurat no.

Denne dagen har gått fort unna.  Helge kom tidleg på dag og fiksa datamaskina fort, så no er eg på nettet igjen. Verre er det med telefonen, eg skulle ønske eg hadde den gamle Doroen, eg likar ikkje desse moderne telefonane som skal kunne brukast til alt, men dei er veldig bra for dei som kan å bruke dei.

Så fekk eg telefon frå Audun , han og Elisabet ville komme ein tur. Eg skunda meg å få av meg litt av hagekleda så eg såg litt meir sivilisert ut, eg hadde nettopp vatna heile "godset" mitt og elles drive med litt hagearbeid, det er no det eg likar når det er ver for det.

Men det var kjekt å få helse på Elisabet, ho og Audun skal gifte seg neste sommar.

Eg har ikkje vore opp til Marit i dag, og ikkje på butikken-trur ikkje eg treng å handle før i morgon.

Denne rosa kjøpte eg i år, men eg trur den må vere samme sorten som den eg hadde før


Dagbok 2025: 22. og 23.juli

 Eg har vore utan datamaskin eit par dagar. Først vart det styr både med TV og data. Så vart alt bra, med unntak av Google på maskina. Eg forstod ikkje kva som var gale, for alt anna kom i orden , berre ikkje Google. Eg sende melding til han som alltid plar hjelpe meg, og han kom i dag, og han visste kva som var gale fordi han hadde vore ute for det samme. Det galdt reklame. Viss eg nekta reklame måtte eg betale for å ha FB t.d. Helge gjekk igjennom teksten  og opna opp for reklame og så på sekundet var alt i orden.

No er eg sjeleglad -for å vere utan internett er heilt håplaust for meg. 

Eg kan no berre skrive litt om kva eg har gjort dei siste par dagane. Eg har stort sett berre jobba i hagen, klipt plenar, raka etc. Har i alle fall fått sveitta nok, men eg likar å jobbe i hagen. Venstre foten er ikkje heilt god , så eg går ikkje tur, men går mykje her attmed huset. Så er eg  litt oppe hos Marit av og til. No ventar eg på telefon frå ei venninne.

mandag, juli 21, 2025

Dagbok 2025: 21.juli


 Klokka er no18.48, temoperaturen ute er + 28 grader C, det kom nokre få regndrpopar for ei lita stiund sidan, men det vart ikkje noko av.

Eg er nettopp komen heim, for i dag har eg vore på langtur med Margrete og Amanda + hunden Albert.

Amanda henta meg her og så køyrde vi inn til Margrete og gjekk over i hennan bil. Turen gjekk til Eid og vidare til Måløy og Raudeberg. Med det samme vi gifta oss i 1962 flytta Nils og eg til Raudeberg og vart buande der til 1965. Då hadde vi to små barn. Samme hausten flytta vi til Ørsta og her blei vi.

Vi såg skulen der eg jobba, kyrkja dr dei to vart døypte, og så var vi på Refviksanden. Der var det fantastisk i dag mykje folk, og mange som vassa og bada. Vi tre gjekk berre og vassa litt.

Litt seinare reiste vi til Måløy der vi omsider fann ein restaurant og kjøpte oss mat.. Der var kjempeheitt der også, men maten gjekk ned. Eg synest ikkje der er fint i Måløy no, der er ikkje ryddig-etter mine begrep. Men det var ingen ting i vegen  med bilturen-det var nydeleg alle stader. Det er lenge sidan eg har reist den vegen no, og Nordfjorden låg deer så vakker i solskinnet. Vi sette av Amanda då vi kom til Straumshamn, og Margrete køyrde meg til døra heil. 

Eg kan berre takke for ein fin og kjekk dag. dessverre har telefonen svikta, så eg har berre bilde som dei andre tok.

                                                              Margrete og eg på sanden
              Kyrkja på Raudeberg der både Solveig og Rasmus vart døypte.
              Den ligg veldig fint til, ikkje langt frå sjøen. Margrete og Amanda på                      bildet.(som dessverre vart litt skeivt)


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...